TURLØYPER I BROKKE

Her er mange rundløyper og du kan sette sammen ein tur som passar deg og familien!

Løypene har gode forhold, klassisk- og skøytespor. Dei blir tråkka ved behov om morgonen kvar helg og i feriar. I midtveke blir ljosløypa tråkka på ettermiddagen før kl. 16.00.

Under her ser du nokre av dei turane me anbefaler!

 

LJOSLØYPE 5 KM

Ljosløypa startar ved parkeringsplassen ved Brokke Alpinsenter eller ved Brokkestøylen. Det er ein flott treningsløype med fleire ulike sløyfer for den veltrente og den litt mindre trente. Ljosløypa ligg flott til ved Uvedalsbekken, og det er ei fin turløype for småbarnsfamilien, med mange fine plassar å ete nista si. For dagar med snø i lufta kan de nytte gapahuken som ligg like i kanten av ljosløypa. Ljosløypa er kommunal og vert tråkka ved behov kvar ettermiddag i vekedagane, og om morgonen i helgene.

 

FURESTØYL – JARNSVERK – REIGÅRDSATØYLEN – EVARDALEN 10 KM

Med utgangspunkt i Brokke sentrum/parkering går du turløypa til Reigårdstøylen, via lysløypa og opp til Jarnsverk. Dersom du ikkje ynskjer ein lang tur, kan du parkere på dagparkeringsplassen på Jarnsverk. Herfrå og der lysløypa kjem inn på vegen, fortset ein nokre hundre meter langs Brokke-Suleskarvegen, før sporet svinger opp til høgre mot Evardalen. Dersom du ynskjer ei ekstra sløyfe kan turen gå ut til Vardehei før du kjem inn på sporet til Evardalen att. Ved vendepunkt i Evardalen møter du skotervegen, og kan velgje å følgje den ned til Jarnsverk eller ta returen over toppen tilbake.

Denne turen er ein fin dagstur for den litt meir trente skituristen, men familiar med litt eldre barn vil også ha glede av turen.

 

FURESTØYL – JARNSVEEK – VARDEHEI 9KM

Det er det same med denne turen som med turen til Reigårdstøylen/Evardalen. Du kan begynne i sentrum av Brokke og gå ljosløypa først eller forkorte turen med å starte på Jarnsverk. Følg Brokke-Suleskarvegen eit par hundre meter og ta så opp til høgre, følg skiltene rundt Vardehei. Returen er same veg.

Ein flott familietur.

 

FURESTØYL VIA ALPINSENTERET TIL MYKLEVATN OG TILBAKE TIL FURESTØYL 17 KM

I sentrum av Brokke, ved innkøyrsla til Brokke Alpinsenter er det ein stor parkeringsplass med gratis parkering! Dette er utgangspunktet for ein høgfjellstur i Brokkeheia.

Ta stolheisen til toppen og følg skiltene til Myklevatn, kryss Suleskardvegen og følg spora til Evardalen og videre til Reigårdstøylen, Jarnsverk og ljosløypa.

Her kan du og korte ned løypa ved å følgje skilta til Nystøyl. Derfrå kan du gå ned til Jarnsverk og Ljosløypa.

Det er også muleg å parkere på Kvisletoppen.

 

TOPPEN AV ALPINSENTERET – MYKLEVATN 7 KM

Parker gratis på Kvisletoppen og opplev høgfjellet på skituren. Denne turen er for den som er motivert for ein langtur, men passer også for dei unge spreke.

 

STAVTJØNNLØYPA 4 KM

Kjempeflott og artig familieløype, med mange fine rasteplassar og “småjumper” for morosam utforkøyring.