Kun to timar fra sørlandskysten

Over ein måned før tidligare år vart langrennsesongen starta.

Rekordopning av langrennsesongen.

Det vart forrige helg preparera langrennsløyper innover Sulekardvegen og i lysløypa.

Det vart både fredag, laurdag og sundag forrige helg tråkka løyper i Brokke, og dei vart like fine som midt i sesongen.

Det var fremdeles noko lite snø i terrenget og det vart derfor beslutta å tråkke innover vegen frå Jarnsverk til bommen innerst i Myklevatn, i stadet for dei “vanlege” løypane. Dette visast ikkje på Skisporet.no, men me gir heile tida gi fortløpande beskjedar om dette på facebook og instagram.

 

Det kom desverre eit mildver som smelta vekk nesten all snø i lysløypa, men det er fremdeles mulig å ta turen innover frå Jarnsverk til enden av Myklevatn. Det vert nærare helga (andre helga i advent) vurdera om den traseen vert tråkka på nytt!

Me ynskjar dykk ein god tur i løypane og håpar på mykje snø i næraste framtid!!

(Bilete er tatt 28.nov ved starten av traseen på Jarnsverk)

Jarnsverk, skutertrase

Kontaktinformasjon

  • Brokke AS Aktivitet og markedsføring E-post: post@brokke.com
    Telefon: 45512296