38 hytter på toppen av Brokke • Pris 2.390.000,- + omk, kampanjepris på ny hyttemodell 1.790.000,- + omk.

Kvisletoppen Hyttelandsby

Kvisletoppen Hyttelandsby blir eit felt på opptil 50 hytter, der kvar tomt er i gjennomsnitt på 290 kvm. Hyttene oppføres i god standard med store vindusflater mot den flotte utsikten. Hyttene seljast nøkkelferdige, men kan og seljast i halvfabrikat.
Ein ny og mindre hyttemodell er også no tilgjengeleg!

No med to hyttemodellar, ei lita og ei stor!!

Olivia’s hytte:

I fyrste etasje finn du ein utvendig bod, gong, stue med ope kjøkkenløysing med god takhøgde og store vindaugsflater, noko som sikrar gode ljosforhald inn i oppholdsromma, samt utgang til terrasse. Kjøkken blir montert etter eige val. Det er 2 soverom, bad/vaskerom og trapp til loft. Mogleg med terrasse på begge sider av hytta for nytting av sol. Loftsetasjen består av loftstue og 1 soverom. Loftet har større golvareal enn bruksareal, da skråtak gjør at det ikkje er målbart. Golvarealet i hytta er på heile 87 kvm. Om ønskjeleg kan det også bygges inn eit ekstra wc, praktisk dersom man er mange på tur saman. Det er også mogleg for å bygge til ekstra soverom over kjøkken.

    

   

Olivia’s lille hytte:

I september 2018 vart det lansert ei ny og rimelegare hyttemodell!
Dette er ei mindre hytte på omlag 50 kvm, med det same særpreget som den store modellen. I staden for ein andre etasje, er det her ein sovehems med stige frå stua. Fyrste etasjen inneheld ein utvendig bod, gong, stue med ope kjøkkenløysing med god takhøgde og store vindaugsflater, noko som sikrar gode ljosforhald og utsikt, samt utgang til terrasse. Det er 2 soverom,  bad/vaskerom og stige til hems.

    

Tomtene:

Sjå posisjon på kart.

 

Kvisletoppen – rett på fjellet

Løypenettet stryk rett forbi hyttefeltet, og bilen kan du vente med å skrape til sundag. Her er alt du treng innan rekkevidde heile frihelga. Frå Kvisletoppen kan du trampe slalåmstøvelen rett i bindingane og gli rett ut i dei preparerte løypene. Brokke Alpinanlegg ligg nemleg bare eit kort snøballkast unna. Her finn du skitrekk, stolheis og kvitpudra bakker anlagt for alle vanskeligheitsgrader. Varmestue, kafé og pub høyrer sjølvsagt med i eit godt alpintilbod. Omgrepet Ski in/Ski out har sjeldan passa betre enn her.

       

Turterrenget åpner for alt frå lange og utfordrande fjellturar – til kortere, hyggelege familieutflukta – rett opp på snaufjellet. Kvisletoppen er nemleg ein fjellrygg som ligg øst-vestvendt, og her har du fritt utsyn i alle retningar, med sol fra morgon til kveld. For den jaktinteresserte er det gode moglegheiter for både rype- og småviltjakt i umiddelbar nærleik. Om sommeren er det gode bademoglegheiter for friskuser i jettegryter og kulper, og for eventyrlystne fjellgeiter anbefaler vi å teste adrenalinet i den sikra klatreruta Via Ferrata i Straumsfjellet – eller friklatring i Løefjødd.

 

        

Kvisletoppen – for heile familien

Fri sikt og optimal beliggenheit for både topptur og skiopplevingar for heile familien. Unn deg den spennande jaktturen du har snakka om så lenge. Snør på deg fjellskorne og nyt den fargerike høstlyngen på veg opp til nærmaste nut. Adkomst: 2 timars kjøyring frå Kristiansand og Arendal, ca 15 min kjøyring til Valle sentrum, 1 times kjøyring til Hovden. Brokke finn du i hjarta av Setesdal.
Brokke/Suleskarvegen er ope frå 1. mai til 1. november, kun 2 timars kjøyring til Rogaland – ein nydeleg kjøyretur i fantastisk høyfjellsterreng. Kafe Brokkestøylen er open i feriar.
         

 

Om dette er midt i blinken for deg og din familie, kontakt:

Martin Unhjem
Tlf: 900 42 135
Epost: byggunhjem@gmail.com