Det er endelig vinter igjen, og flotte langrennsspor er kjørt opp! Det er nå oppimot 5 mil med langrennsløyper i Brokke, og som dei fleste har sett, utruleg mange som brukar løypene! Det er så gama å sjå at både unge og vaksne koser seg i dei fleste av løypene! 

For at alle skal få nyte turen sin, tenkte me å minne om nokre køyrereglar her: 

# Hald høgre spor og gå ut av sporet om du stopper. (Ljosløypa i Brokke gjeld også høgrereglen) 

# Ta ekstra omsut til barn og eldre og andre som ikkje er så spreke som du! Du som er raskare har vikeplikt for desse. 

# Møter du barn som har stoppet opp i løypa, oppfordrar me til eit smil og gjerne eit “så flink du er” før du går forbi. 

# Trenger du ein pause? Stopp gjerne på ein oversikteleg plass, gjerne toppen av ein bakke og gå ut av løypa slik at du ikkje er i vegen for andre. 

Du som gjeng oppover, kan gjerne vike for dei som er på veg ned. Til deg som kjem ned, husk å ikkje ha større fart enn at du kan stoppe.. 

# Har du med hund? Pass på å ha den i band der det er mykje folk, og ha alltid kort nok band til at hunden ikkje hindrar andre. 

# Plukk opp eller kast avføringa til hunden ut av løypa, slik at ikkje andre treng å gå i den. Brukar du pose, husk å ta den med deg.. 

# Er det mykje laussnø og mjuke løyper, bør du passe på at hunden ikkje øydelegg løypene. 

# Den siste med kanskje aller viktigaste køyrereglen er: TA SKITUREN MED EIT SMIL OG GODT HUMØR!

Vis respekt for andre og vær tolerant så alle får ein fin tur!