KLASSISK I SETESDAL

. festival med klassisk og kirkemusikk

Dei siste somrane har det vore arrangert ein serie med sommarkonsertar i kyrkjene i Valle og Bykle, men i år er desse konsertane samla på ein langhelg – som ein liten festival. Håpet er at både lokale, hyttefolk og turistar som likar klassisk musikk og kyrkjemusikk vil nytte denne sjansen til å få høyre flott musikk med flinke musikarar i vakre omgjevnader.
Og skulle du ha lyst til å vere med og hjelpe til under festivalen, som frivillig, er det berre å ta kontakt med festivalen ved å sende ei melding på fb-sida Klassisk i Setesdal.
Festivalen blir arrangert av Den norske kyrkja i Valle og Bykle i samarbeid med ei rekkje sponsorar og samarbeidspartnarar.

Programmet for festivalen finn du her: Festivalprogram 2020