HYTTEDRAUMEN

- familien Vik bygde hyttedraumen sin på Kvisletoppen

Etter eit besøk på hytta til broren til Linette, forelska familien seg heilt i Brokke! Draumen om å eige si eiga hytta begynte å ta form!

Mamma Linette Moy Vik (35), pappa Ole Ivar Vik (39), son Mads Leander Vik(11), dotter Adelen Vik (7) og engelsetteren Månsen på 3 månader trives godt på hytta som sto ferdig sommaren 2018.

Familien bygde hytta med litt hjelp av Vennesla Bygg og Brannsikring As! Arbeidet startet vinteren 2017, og sommaren 2018 kunne familien på fire flytte inn(setteren kom etterpå).. Linette og mannen ville innreie hytta sjølv for å setje sitt eige preg på den, og du kan sjå endå fleire bilete frå hytta på Instagramkontoen @fjellet_glede_inspirasjon

“Det vi liker best med Brokke er at det er utrolig flott der alle årstider. Vi bruker hytta mye hele året”.

Når me spurte Linette og familien kva dei liker best med Brokke fekk me ei god smørbrød liste!

  • Utrolig flotte skiløyper
  • Naturen💙
  • God jakt og fiskemoglegheiter
  • Kort og fin vei, berre to timer
  • Snøsikkert
  • Alpinbakke
  • Mange flotte turløyper
  • Badeplasser

Kvart år har familien feira Jola på hytta, og det blir nok feiring her i år også, om enn kanskje på ein litt anna måte. Jola pyntar Linette ekstra i hytta og det blir jol både ute og inne.

“Alle koser seg og slapper ekstra av når vi er på hytta. Det blir liksom en helt annen julestemning og ro, og det er jo ekstra koselig med snø og hvit jul!”

Alpinsenteret har ope heile jola og der kjem nissen på besøk, så familien Vik er alltid på plass der jolaftan! Borna har også fått ein heilt eigen tradisjon her på hytte, ved at dei alltid går jolebukk i romjola. Det er ein veldig koseleg tradisjon her oppe!

Barna elskar å stå på ski og snowboard, og familien valgte Kvisletoppen først og fremst for ski-in/ ski-out moglegheiten! Men det er klart at utsikten og ikkje minst at det var så flotte skiløyper rett bak hytta, også bidrog sterkt til valet.

“Kvisletoppen hadde rett og slett alt vi trengte og ønsket oss!”