Heilårscampingplass i sentrum av alle aktivitetar i Brokke!

Brokke Camping

Er det ikkje rom for å bygge hytte, tidsmessig eller økonomisk?
No har de ein fantastisk moglegheit til å ha campingvogn ståande heile året i sentrum av Brokke!

Illustrasjonsbilete av campingplass 

På Brokke Camping har de moglegheit for å kunne ha campingvogna ståande heile året, eller gjennom sesongar, her kan det og byggjast isocamp.
Eit moderne sanitæranlegget med tre familierom/bad, wc-rom, vaskerom og eit stort opphaldsrom. Tømestasjon på utsida.
Innan 1 desember 2018 vil sanitæranlegget stå ferdig, men vogner og bobiler kan sjølvsagt kome før!

Det blir lagt opp til mellom 10 og 50 plassar no i fyrste omgang, alt etter etterspørsel.
Det vert tilgjengeleg lagringsplass av vinterutstyr og liknande, rett i nærleiken av sanitæranlegget. 

Pris:

10 000 kr i året + straum og løypeavgift på 800 kr +mva.

På lik linje med alle hyttebuarane i Brokke, blir det også krevd løypeavgift for kvar campingplass.
Dette bidreg til å halde standarden på gode løyper og stadig utvikling av løypenettet.

For meir info eller bestilling, ta kontakt med:

Jan Asbjørn
tlf. 959 83 326
E-post: jan.uppstad@gmail.com

Kart sett frå alpinsenteret.

Frå Brokke Camping som ligg sentralt på Furustøyl, er det knappe 250 meter til skisenteret, kafeen og Nistebui.
På vinterstid vil det leggjast skispor rett utanfor campingvogna og ut mot løypenettet som brer seg omlag 50 km i naturskjønne omgjevnader. Det er både lysløype for dei treningslystne og lengre langrennsløyper for turgåarane.
Alpinsenteret er ope frå desember til april, med mykje aktivitetar gjennom heile sesongen.
Det arbeidast kontinuerleg med utvikling av Brokke som destinasjon, både med utvikling av hyttefelt og aktivitets tilbod.

     


.   

Campingplassen vil være i gangavstand til badeplasser, klatreruter og flott turområde sommartid.

 

 

Anders Jonasson