Haust

- besøksrekord på Haust 21

Haust 21 er over for denne gong, og me har endå ikkje slutta å smile! 

For ein dag, med eit enormt oppmøte av dykk, heile 1000 gjestar!!!!! Det var dobbelt av det me håpa på… Tenk det altså🤩

Med 1000 gjestar, blå himmel og god temperatur vart det ein verkeleg flott dag på tunet med fantastisk opptreden frå Daniel Sanden- Warg, Eldbjørg Trydal Rysstad, Knut Arne Rysstad og Gunhild Nybø Hagane!

Valle klatreklubb sikra VELDIG mange ungar opp i trea, og ziplina var også populær.

Det var mykje sosialt lag med gode vener, det var smakfulle tilbod, og ikkje minst latter og leik! 

Tusen takk til alle dykk som kom, me sjåast neste år? 

Sjå litt bilete frå dagen under her..  

Ps. me har allereie starta opp med planlegginga, og dykk er velkomne til å sende både ris og ros til post@brokke.com.