Korleis gjerde?

Gjerde for å halde sauen ute!

Sauen er flott sjå på og høyrer heime i fjellet på sommaren, men det er jo ikke alltid så gøy å kome på hytta og så har sauen(ane) kost seg på verandaen din, og den er nå full av dritt.. Så for å unngå dette, har du lyst til å stenge sauen ute. Korleis kan du gjere det på ein rimeleg måte, men samtidig sørge for at det ikkje er til fare for sauen?

Med rettleiing av Valle Kommune, har Brokke AS og Odde Sagbruk saman laga eit lite skriv for å gje deg enkel, men god informasjon om korleis du best kan gjerde sauen ute.

Vær obs på reguleringsplanen der du har hytte, der kan det stå litt meir om reglane i det området du har hytta i. 

Me har under her sett opp nokre alternativer for deg som vil alle sauen vekk frå verandaen og deler av området rundt hytta.

Alternativ 1:

Dette gjerde er godkjent og passer fint om du vil gjerde inne store delar av eigedommen. Dette gjerde er lammesikkert, det betyr at det har mindre mellomrom nederst. Bare husk å bruke stødige stolper og ha dei ganske tett. Dette gjerde er av dei billigaste i bruk.

VIKTIG: for å bevare dette gjerde, MÅ det takast ned (leggast) før snøen kjem, elles vil det ikkje tåle belastninga, og neste sommer vil det ikkje hverken trygge sauen eller halde han ute.

Dette selges vanligvis i bunter på 50m, men Odde Sagbruk kutter det i den lengden du vil ha.

Alternativ 2:

Dette gjerde passer godt på mindre områder eller i kombinasjon med alternativ 1. Dette er også lammesikkert og sjølv om det kanskje er litt dyrare vil det halde i mange år. Det er enkelt å montere og demontere, og kan kombinerast med delen med port, som du ser på biletet, slik at det er enkelt å komme ut og inn.

Alternativ 3:

Dette gjerde passer godt om f.eks vil gjerde inne enden av verandaen. Bare hugs at det må være maks 10cm mellomrom. Dette for at sauen ikkje kan henge fast hovudet sitt. Odde Sagbruk kan hjelpe deg å snekre eit, om du er usikker.

 

Er du usikker, så ta gjerne kontakt på Odde Sagbruk så kan dei vise deg alternativer som er godkjende. Eller er gjerderettleiaren lur å lese igjennom.