GANGRETNING I LJOSLØYPA

Høgregåing i Ljosløypa?

Heilt sidan ljosløypa vart bygd har den generelle oppfatninga vært at ein går på venstre side til ein kjem til brua nede i krysset, der tek ein til venstre, men bytter til høgre spor. Ein held då høgre spor til ein kjem rundt til brua igjen, og bytter så til venstre. Nokre har og brukt venstre heile vegen. Grunnen til dette er at ein då har fått eit uavbrutt spor mest heile vegen og derfor har det vore mest hensiktsmessig og naturleg å halde den sida.

Etterkvart som det har kome til fleire hyttefolk, har ein også «oppdratt» dei til å halde venstre og det har fungert ganske greitt.

Dei siste åra har det kome fleire og fleire nye hytter og familiar, og me har dessverre opplevd eit aukande konfliktnivå i løypene i Brokke. På bakgrunn av dette har me hatt ein dialog med Valle Il på korleis me best kan løyse det. Me har i denne dialogen hatt kontakt med både aktive utøvarar, familiar og elles aktive personar som brukar denne, og det har vært mange gode meiningar og innspel som me har tatt med i denne prosessen. Det har vært veldig viktig for oss å få alle innspel, då me har mange engasjerte brukarar som fortener å bli høyrt.

Me har saman Valle IL bestemt på bakgrunn av dette at ljosløypa i Brokke skal være ei høgreløype, på lik linje med dei fleste løypene i Noreg.
Då ljosløypa heng saman med resten av løypenettet i Brokke, blir det vanskeleg å kommunisere godt nok at det i Brokke er to forskjellige gangretningar, avhengig av kva løype du er i.
Me ser at med så mange brukarar på løypenettet i Brokke, vil det være tilnærma umogeleg å «oppdra» alle og skilte godt nok til at me kan unngå framtidige konfliktar og i verste fall kollisjonar på grunnlag av forvirring til gangretning.

Me har stor forståing for at dette blir ein tilvenningsprosess for fleire, inkludera underteikna.
Me har for å gjere dette noko enklare avtalt med løypemannskapet at dei stoppar spora i god tid før kryss, slik at dei som eventuelt kjem i stor fart, rekk å bremse ned og finne nytt spor.

Det blir også sett opp skilt som tydeleg viser dette i alle kryss i ljosløypa. Desse skilta blir sett opp i løpet av veke 3.

Me er sikre på at dette er den beste løysinga på lang sikt, og me håpar at dykk er einige!

Til Info: Valle Kommune er eigar av ljosløypa, og det er dei som sørger for at denne blir preparert kvar dag. Det er også dei som setter opp skilta som vil vise den nye retninga!

PS: Det er blir ikkje endra på gangretninga, anbefalt gangretning er framleis venstre i alle kryss!