Når snikkaren bygger eigen hytte....

Dreng – snikkaren med sans for detaljane…

Snikkar Dreng har bygd hytter i Brokke i over ti år, og har nå begynt for Byggmester Kåbuland og Skårdal AS. Eit Vennesla firma med 20 ansatte som nå satsar i Brokke, med Dreng Brokke som leiar for opp imot seks andre dyktige snekkarar.

Hytta ligg veldig fint i naturen opp på ein topp som gjer at du må sjå ganske godt etter for å få øye på den. Men når du har kome opp vil utsikten nesten ta pusten frå deg.

Det er klart at det måtte bli ei annleis hytte når snikkaren etter 10 år med å bygge andres draum, skulle bygge sin eigen. Tomta hadde han sett seg ut i ganske så ung alder, og heldigvis var den i familiens eige. Det er ikkje langt frå sommerveg, men om vinteren må ein køyre snøskuter for å kome til hytta. Det betyr at her er verken straum eller innlagt vatn, men det stoppar ikkje ein snikkar som Dreng.

Hytta har ein Y form, der det er lagt opp til mykje vindaugsflate. Her kan du ligge på soverommet og sjå ut over vill og vakker høgfjellsnatur. Du kan sitje i stua og nyte peisvarmen, mens du ser på at sola vaknar. Har du først kome deg inn på kjøkkenet, vil du aldri reise igjen. Her kan gryta putre mens du drøymer deg bort i uendeleg utsikt.

 

 

Når du opnar døra inn til badet er det som å kome heim. Her er det flislagt, varme i golvet, vask, dusj og toalett, alt i ein moderne stil. Ein komfort ein elles bare ser der det er straum og vatn..

Med sine tankar for detaljar har Dreng lagt inn røyr (skjulte) frå peisen, som førar varmen rundt til strategiske plassar i hytta. Når du kjem inn i gonga og tek av skorne, kjenner du øyeblikkeleg ein god varme frå eit av desse strategiske punktane.

Ein kan tydelig sjå at her har det vært ein dyktig snekker som har utført presisjonsarbeid både inne og ute.

Etter mange års erfaring hadde han gjort seg opp mange tankar på korleis hytta skulle sjå ut. Han har med litt hjelp frå arkitekt teikna hytta sjølv. Det viktigaste for Dreng har vært på skape ei hytte som glir inn i terrenget, samtidig som ein beheld den fine utsikten. Hytta har derfor fått Y forma som har gjort til at både stue og kjøkken har panoramautsikt. Y forma var også ein stor utfordring å løyse teknisk med tanke på snø som legg seg på taket, men utfordringar er til for å løysast.

Bod og vedskjul er også bygd med samanhengande tak, men det er ope mellom. Ein kan derfor gå tørrskodd ut for å hente ved. Det legg seg heller aldri snø her slik at det ikkje er nødvendig å skuffe snø for å kome seg inn.

 

“Me er stolte av å ha ein slik dyktig mann som leiar for satsinga i Brokke, og me ser fram til å byggje mange hyttedraumar framover” seier Byggmeister Dag Preben Skårdal.

 

Vel, me er også stolte over å ha byggmeistrar og snikkarar som sørger for å gjere draumen til verkelegheit i Brokke!