Ekslusivt intervju med Yvonne og Olav frå Bergsam AS som sel draumehytta på Kvisletoppen Aust

Draumehytta på Kvisletoppen Aust- no seld

Bergsam AS med Olav Berg og Yvonne Jacobsen i spissen, har planlagt, teikna, bygd og innreda ei fantastisk flott hytte på Kvisletoppen Aust. Denne kan no bli din!

Det er ingenting som er overlate til tilfeldigheiter når sambuarparet og entreprenøren Olav og Yvonne har bygd hytte i Brokke. Olav som er dagleg leiar for Bergsam AS har bygd omlag 15 hytter i Brokke, men denne gonga har han fått med seg sambuar Yvonne, som har eit godt auge for arkitektur og interiør. Dette er den fyrste av fleire hytter som skal byggjast i området.

Me møter Yvonne og Olav på Kvisletoppen Aust. Frå vegen er hytta heller anonym, men i det me nærmer oss inngangsdøra, skjønnar me fort at denne hytta er langt frå anonym.

Frå gangen og vidare ut mot stua får du ein wow- opplevelse. Det store vindauget som er sett opp her er som eit fantastisk måleri som rammer inn dei massive fjella med ei spektakulær utsikt.
– For meg har hovudfokuset vore utsikt, stilrein arkitektur og smarte løysingar, fortel Yvonne.  -Vindauga som er sett inn i hytta gjev deg ein fantastisk utsikt kor enn du er. Anten du stend med kjøkkenbenken, eller sit i vindaugskarmen bare for å nyte den nydelege naturen Brokke har å by på.

Peisen og vindauget med sitjeplass har vore hovedelementa i planlegginga av hytta, frå skisser til ferdig innreidd hytte.
– Eg hadde veldig klare tankar om korleis eg ønskte at ei hytte skulle vere, og hadde fokus på at den skulle vere lun, men likevel stilrein. Eg meiner at valet av material og fargar gjev deg følelsen av å vere på hytta, og ikkje heime.

   

 

At Olav og Yvonne frå Bergsam har valgt å setje opp hytte for sal i Brokke, er av fleire grunnar.
– Brokke er eit etablert hytteområde i vekst. Fleire spennande prosjekt er allereie i gong, deriblant hyttefeltet Kvisletoppen Aust- og dette ønskjer Bergsam AS å vere ein del av, seier Olav.
Yvonne og Olav er einige om at Brokke tilbyr oppleving og aktivitetar for små og store, både når det gjeld alpin, flotte skiløyper og fantastisk naturopplevingar.

Kvisletoppen Aust er eit heilt nytt hyttefelt som ligg mellom Kvisletoppen og Brokke Panorama.
– Her på Kvisletoppen Aust gjev det moglegheit for å ha hytte i høgda. Det gjev deg ein heilt spesiell oppleving, der du har panoramautsikt, optimale solforhold og ski in- out moglegheiter. I tillegg er det flotte turmoglegheiter heile året, seier Yvonne.  -Hytta er eit resultat av nøye planlagt plassering, i forhold til sol, vêr og utsiktsforhold. Me har i tillegg hatt eit stort fokus på å behalde mest mogleg av naturelementane på tomta.
Yvonne og Olav var tidleg ute for å sikre seg nokre av dei beste tomtene, meiner dei sjølv. Saman har dei teikna og bygd ei hytte dei er veldig stolte av, og som det skal verte vanskeleg å selge vidare, smiler Yvonne.

Yvonne har hatt klare visjonar for farge- og interiørval, og det har vore fokus på at hytta skal vere meir eller mindre vedlikeholdsfri og tidløs i sin design.
– Eg likar å skape min eigen stil med inspirasjon frå fleire hald. Nytt og gamalt er spennande saman, og gir deg moglegheit til å skape noko særeige som ingen andre har, forteller Yvonne.  – Eg har forsøkt å gje eit bilete av korleis hytta kan innreiast og gje ein lun følelse.
– For dei nye eigarane, håpar me at hytta vil gje ein følelse av å vere i eitt med naturen, samt at det skal vere eit samlingspunkt for familie og vener, avslutter Yvonne og Olav.

    

Hytta vart seld i starten på haustferien, og me gratulerer nye eigarar som er på veg inn!
Før nye eigarar overtok hytta, vart det laga ei reportasje til bladet “Hytteliv”, som me gler oss til å lese!

Bergsam AS med Olav og Yvonne i spissen er fornøgde med salet, og er allereie i gong med ny hytte for sal- nemleg på nabotomta.
Her vil det bli nye moglegheiter for å kjøpe hytte på Kvisletoppen Aust, teikna og oppsett av “dreamteam” Bergsam!

Kontaktinformasjon

  • Eivind Bjorå Megler E-post: eivind.bjora@dnbeiendom.no
    Telefon: 96886900