Byggmester Kåbuland og Skårdal har nok å gjere i Brokke om dagane!

Det byggast for fullt!!

To er overlevert, ein overleverast innan jul og tre innan vinterferien.

Med Dreng Brokke som i over ti år har sett opp hytter i Brokke, og resten av teamet med dyktige handverkarar frå Kåbuland og Skårdal er det ikkje rart at dette er eit av dei mest populære byggfirma i Brokke om dagane. Med fokus på detaljar og kvalitet sørger dei for at kundane får draumehytta si, og kan nyte aktive dagar i Brokke!

 

Har du funnet deg det hyttefeltet du vil bygge i, eller kanskje du har funnet akkurat DEN tomta du vil ha, så kan du kontakte Kåbuland og Skårdal, dei kan hjelpe deg med alt ifrå planlegging til byggesøknader, frå første byggetrinn til innredning. Med andre ord, dei kan hjelpe deg med heile prosessen!

Ps. Hytta på bildet er Dreng Brokke si eiga hytte, vil du så meir av den kan du sjå eigen artikkel her!

Dreng og teamet hans bygger den hytta du vil, enten det er byggesett eller arkitekttegna. Spesialløysningar som benk i vindauget, flisar i taket, spilar i veggane, skjulte hemstrappar, vinkjellar, kant i kant spon og mykje meir er noko Kåbuland og Skårdal fiksar for deg.

Me er så stolte over å ha byggmeistrar og snikkarar som sørger for å gjere draumen din til verkelegheit i Brokke!

Vil du vite meir om Byggmester Kåbuland og Skårdal kan du sjekke ut nettsida deira her, og husk å sjekke bloggen deira, mange gode tips der.