Brøyting av Suleskard

- 1. mai starter brøyting av Brokke-Suleskardvegen opp!

Brokke Suleskard er vinterstengt og plar ha spektakulære brøytekantar til opninga 21.mai.

Brøyting av Brokke-Suleskard vegen tek til måndag 1.mai, og skal etter planen opne 21.mai!

Det er mykje snø i år, så me er alle spente på om dei rekk å få vegen fri for snø til opninga. 

Uansett, me anbefaler deg å setje av dagen og ta turen over, det blir ei heilt spesiell oppleving. 

 

Suleskardvegen er open mellom 21.mai og 1.november så sant vêret tillit det.. 

På det høgaste er det 1050 m.o.h. og her er det mykje å oppleve.

Planlegg god tid, ta gjerne med eit akebrett eller ski og nyt ein pause i snøen😎