Kun to timar fra sørlandskysten

BROKKE FRISBEEGOLF

- 18 hulls bane i Brokke

Me har nå ein flott 18 hulls frisbeegolfbane i ljosløypa i Brokke. Me satt opp banen i fjor, då først med 9 hull, men såg fort at dette var så populært at me bestilte 9 korger til og sette dei opp. Så brukte me litt tid i fjor og litt nå på våren til å finjustere og flytte litt rundt på korgene, for å finne dei beste plasseringane. 

Me er nå i mål (håpar me) og har sett gong prosessen med å lage ordentlege skilt som skal hengjast opp i løypa. Skiltene blir lik det under her, og me gler oss til å få dei opp. 

I fjor hadde me starten ved Brokkestøylen, mens me no på grunn av stor pågang og trengsel på parkeringa, har flytta starten til innkøyrsla til Løefjødd/Furestøyl. Det blir sett opp eit stort skilt her, og vegen skal forhåpentleg bli grusa etterkvart. 

Då blir det god plass til å parkere, og ein får ein god runde på ca 5 km.

Skilt er forhåpentlig på plass innen midten av juni, så inntil då, bruk gjerne Udisc appen, den kan du bruke gratis, og der er gode kart og forklaring på kvart hull. Den er oppdatert!

 

TUSEN TAKK til Brokke Eigedom som som finansierer denne flotte banen for oss!