Kva var det i Brokke før alle hyttene kom?

Brokke- før og no

No er det snart 400 bueiningar i Brokke hyttegrend, men me skal ikkje lenger tilbake enn tidlig 2000- tallet, då det ikkje var mange hytter å sjå.

Foto: Bjørgulv N. Berg

Frå gamledagar:

Lenge før hyttegrenda oppstod, var området der alpinsenteret og hyttefelta ligg no, knytt til gardene som ligg på Nomeland, grenda Brokke, Berg og Haugeland. Då var det gamle støylsbuer og dyrka utmark, som bøndene bruka som sommarbeite for dyra.

Då det lei mot sommaren og juni, var det tida for bøndene med familiar å ta med seg budskapen og det dei trengte for å vere på sommarstøylane heilt til september. Fyrste stopp var frå garden i bygda til heimstøylane, som låg nærast heime. For gardene på Nomeland, låg heimstøylane på Kvisle (der Nistebui ligg i dag). Vidare gjekk turen til Stuteli/ Fisstøyl, Myklestøyl og heilt inn til Urevatn og Steibutjernet.
Her budde familiane på støylen med buskapen heile sommaren, dei slo høyet og sette høystakkar.

 
Bilete lånt frå digitaltmuseum.no – Seterliv på Myklestøyl

Høyet frå utmarka på heia, bruka bøndene som vinterfôr for dyra. Dette vart frakta heim med hest, og var det ikkje veg til å bruke om sommaren, venta dei til vinteren og frakta det heim med hest og slede. Dette kunne vere ei dramatisk og tung reise, om uvêret slo til. Dei over 50 fekk ikkje lov til å gjere dette arbeidet, då dei vart sett på som “pensjonistar”.

Bileter frå norgeibilder.no, som viser satelittbileter frå området og dens utvikling frå 1957 til 2005 og 2018.

   

Hyttelandsbyen si historie:

Brokke Eigedom hadde sin oppstart rundt år 2000. I 2001/ 2002 vart fyrste hytta bygd i Furestøyl- feltet. Salet kom noko tregt i gong, men i 2004 fekk det verkeleg ein oppsving. På eit tidspunkt solgte dei 2-3 tomter om dagen. Etterspurdnaden var stor, og det skjedde ofte at dagleg leiar for Brokke Eigedom hadde visning i tomtefelta, med både 2-3 kjøperar på same tid.
Frå september 2004 til mars 2005 vart det solgt 100 tomter. Dette var blant anna 92 tomter i Løefjell der reguleringsplanen var under utarbeiding, og det var solgt kølappar til ivrige tomtekjøparar. Etter dette var det fleire år med mykje hyttebygging, dog noko mindre tomtesal.
Kvisle Eigedom starta opp i 2005, og har fulgt same trenden som med Brokke Eigedom.
Det har vorte bygd omlag 10-15 hytter i året fram til dei seiste åra, då salet av tomtar og hyttebygging har tatt seg voldsomt opp.

I 2017 vart det bygd omlag 30-35 hytter og i 2018, er det over 41 hytter som er bygd!!
Pr. November 2018 er det omlag 345 hytter og omlag 400 einingar.

Og meir skal det bli…

Utviklinga av Brokke som destinasjon har vore  jevn med alt frå alpinsenter til langrennsløypenett, lysløype, fleire hyttefelt, heilårscamping, Brokkestøylen, til fleire spennande prosjekt på gong.

Bygginga av alpinsenteret tok til hausten 2004, og vart opna i januar 2005.
Då var det eit hovedtrekk, to løypetraseer og eit barneområde.
Bilete under syner starten på hogsten i Kvislelii der alpinsenteret ligg!


Foto: Bjørgulv N. Berg