Du kan nå Vippse ditt bidrag til oss på #97675 – Brokke AS

Der får du tre val (eller du velge beløp):

  • Mini Brukar – 200kr
  • Moderat brukar – 500kr
  • Stor Brukar – 1000kr

Me håpar at du vil bidra til endå betra løyper!

Me vil og gje deg litt informasjon om kven som i dag finansierer løypenettet. Me brukar ca. 600 000kr i sesongen på preparering avhengig av snø, då er ikke nye løyper eller vedlikehald av løyper medrekna. Av hyttene i Brokke (Kvisletoppen, Kvisletoppen Aust, Brokke Panorama, Løefjell, Løefjell Vest, Furestøyl, Furestøyl Aust og Sitåsen) vert det innbetalt ca. 375 000kr,  det er 1000kr per hytte. Valle kommune gjev og eit tilskot på 150 000kr.

Av frivillig løypeavgift frå andre hyttefelt og frå lokale har det dei to siste åra kome inn 10 000kr… Me håpar å auke denne kraftig i år, for me er sikre på at betalingsvilja er der, dykk har bare ikkje visst om det!

Tusen takk for ditt bidrag og god tur i endå betre løyper!