Badeplassar i Brokke- området

Nå som sommaren har slått til for fullt og gradestokken koker, då er det godt med eit avkjølande bad!

FARÅNI/ KULPANE:

Faråni elveleie og “Kulpane” i Brokke, er ein heil unik badeplass med djupe jettegryter og sklier i svaberget!

På gangavstand frå hyttefeltane ligger det tørrlagde elveleiet til Faråni med sine finslipte svaberg og djupe jettegryter over fleire kilometer. Det renn ei tynn hinne med vann som fort varmes opp av sola. Kulpane er så flotte at det er blitt ein attraksjon i seg. Legg merke til at vannstanden er regulert og flom kan forekome, også på sommaren. Varslingssystem er installert på badeplassen,  bading på eige ansvar.

FRAMKOMST:
Køyr RV 9 og ta av mot Brokke Suleskar rett nord for Rysstad. Kjøyr opp den bratte bakken knappe 2 km. Stien ned til badeplass ligg på venstre side på veg opp, parkeringsplass ligg på høgre side. Du kan også parkere litt lenger opp bakken før du kjem på toppen, på venstre side.

Googlemap parkeringsplass kulpane

I juni 2018 vart Kulpane i Brokke kåra til ein av Noregs finaste badeplasser av Radio1.

Radio 1 kårer Norges fineste badeplass – Episode 1

Denne uken kåret vi første vinner av reisegavekort på 5000,- fra Finn.no/reise 🏊🏻‍♂️ Her er Pernille på besøk hos Tarjei (og myggen) i vakre Setesdalen!

Posted by radio1.no on Friday, June 15, 2018

 

Her finn du også ein flott film frå sommaren 2018, som Eirek Gullvåg har filma.

 

  

 

MARHYL:

Marhyl har svaberg og flotte sandstrender. Det perfekte utfluktsmålet for barnefamiliar på varme sommardagar. Ungane kan bade og leike i sanden og for dei vaksne er det oversiktleg. Det er to flytebrygger og eit toalettanlegg. Badetemperaturene i Marhyl er dei høgaste i kommunen.

FRAMKOMST:
Du finn Marhyl omlag 3 km nord for Rysstad, like ved Brokke kraftstasjon. Parkeringsplassen ligg like inntil Rv. 9 på høgre side av vegen om du køyrer frå Rysstad mot Valle.

Googlemap Marhyl badeplass