Kun to timar fra sørlandskysten

Aron Åkre Rysstad til topps i NC i langrenn i Steinkjer!

Valle har i mange år hatt eit lite, men ekstremt godt langrennsmiljø og dei sieste åra har ein unggutt utmerka seg med toppplasseringar i fleire renn, sommar og vinter.

I dag gjekk Aron, som til dagleg er elev ved Hovden Skigymnas, til topps i 10 km klassisk  NC for junior i klassen 17 år. På tida 24.54.0 gjekk Aron over målstreken, 2,9 sekunder før 2. mann Magnus Øyaas Håbrekke frå Melhus IL.

Aron har slitt seg gjennom lysløypa og skiløypene i Brokke utallige gonger, trent målretta og han har hatt ei fantastisk utvikling, har ein motivasjon for eigen trening og gode resultat. I dag har all denne treninga gjeve utteljing og det er nok ikkje seiste gong ein ser han i toppen av resultatlistene i dei store renna.

Brokke Eigedom AS  ønskjer å vere ein aktiv tilretteleggjar for lokal utvikling og aktivitet og ein stolt sponsor av Aron Åkre Rysstad.

Vi ønskjer han lykke til vidare med trening og renn, og vi er sikre på at Aron når langt i si idrettskarriere.