Kun to timar fra sørlandskysten

STENGTE KULPAR ENDÅ

- kulpene i farene blir ikkje opna endå

Sundag i pinsa vart kulpane i Brokke plutseleg oversvømt og ei bølge av vatn skyldte nedover elveleiet. Fleire personar oppheldt seg i og ved kulpane, og det oppsto svært farlege situasjonar då folk måtte rømme elva.

Årsaken til dette er, ifølge Otra Kraft, eine og aleine at det var ei enorm snøsmelting i helga.

Otra Kraft har installert et tyfonbasert varslingsanlegg som skal varsle om overløp frå damen øvst i Faråni. Det skal være operativt frå 1. mai til 15 oktober. Anlegget gav ikkje lydsignal før det vart trigga manuelt etter flommen var starta.

 

Me og Otra Kraft ser svært alvorleg på hendelsen, og Otra Kraft vil no stenge kulpane fram til snøsmeltinga er over, samtidig som me ser på løysingar som skal sikre i framtida. Det er no sett ned ei arbeidsgruppe som skal prøve å komme med løysingar som vil sikre ei trygg bading i kulpene framover. Det er fleire løysingar på bordet, og det er muleg at fleire tiltak blir sett i kraft, men det vil nok dessverre ikkje blir tidsnok til denne sesongen.

Me er i tett dialog med Otra Kraft og vil kome med oppdateringar så snart me kan. Me ber foreløpig om at alle respekterer skiltane som no vert sett opp og ikkje brukar kulpane og faråni som ein tur og badeplass fram til ei løysing er på plass.

Me kan garantere at me tykkjer dette er like trist som dykk, men likevel veit me at det er like viktig for dykk at badinga skjer under trygge forhold.