Kun to timar fra sørlandskysten

Historien om Fakse Brokke

Fakse Brokke som var ein utskåren trekubbe, som på tidleg 1500- talet vart sett på som eit helgenbilete og avgud i Setesdal.
Fortellingar om Fakse Brokke fortel at han var laga som ein mannskikkelse av ein stor furukubbe. Det seies at det var ein velvaksen kar med hatt på hovudet, ridebukser og alt som høyrte til. Hatten var nedtrykt midt i og der var hol ned gjennom hovudet. Sjølv om faksen såg ut som ein vanleg mann, så kunne han ikkje vere som ein anna setesdøl i kvardagsklede, han var ein høvding med blanke knappar nedover brystet, og langs saumen i ridebuksene var ein kant av grønt klede.

Faksen stod i huset som låg midt i Brokkesvòli i Brokke. Han stod på eit skåp i stua, det var eit overdådig og flott skåp. Det seies at det var så fint, det var nærmast som eit alter. Kantane på ryggen til skåpet hadde utskjæringar som såg ut som blonder. Det var dandert messingknappar utover skåpet, så det lyste og skein. Dei kalla det “Fakseskåpi”.

Setesdølane trudde om dei stelte godt med faksen, så ville han passe på dei og dei bad ofte til han for å få gode avlingar og eit godt liv. Dei gav Faksen akkurat som dei gav tussene, då skulle dei få vere i fred for “oskereiin” og ha godt med dyr og avlinger. “Oskereiin” var i tida før jol- ei ferd av usynlege og underjordiske skikkelsar som kom på hestar, dei bortførte folk på gardane, brente ned hus, tok mat, drikke og dyra deira. Dette var setesdølane svært redde for, og trudde faksen kunne beskytte dei mot desse. Derfor helte dei nedi hovudet på faksen både smør, kjernemjølk og øl, og dei sette god mat inn i Fakseskåpi slik at faksen skulle ha til å leve godt. For om han ha det godt, så vakta han over menneska som bad til han og som budde på garden.

Soga fortel at Jorund Brokke som budde på garden der Faksen stod i stua, hadde ein son som heitte Svein, som dei etterkvart kalla for «Faksi Brokke», og dermed tok Jorund faksen å sette han på det øvste loftet. Det seies at det spøkte så «kalleg» (grusomt) på loftet, at dei då kasta faksen ut. Der stod han lenge som ein hoggestabbe på utsida av huset, før han til slutt vart hoggen til ved mot slutten av 1700- talet.

Olav Bjørgum si teikning av Fakse Brokke, med tekst frå Torleiv H. Bjørgum.

Evst ´å skaåhyllun vakta Faksi,
iv ungt å gåmålt, iv stort og vaksi.
At dagetali laut aktast på,
så der va ti hauste å fre til så.

Folke Jonson Uppstad laga ein langt stev om Faksi Brokke, på heile 14 vers.
Her er eit utdrag av dei to seiste versa.

Til Skrymelidi dei Fakse flutte,
i hop med tussar og troll han budde.
Der låg han drøymde sin maredraum,
til dei brend ‘an opp i ein fiskeflaum.
Du gamle Fakse me for deg græte,
so tung ein lagnad var du kje være.
Me vonar ein gong du heimte kjem,
for ho sviv kring Løfjell di tyrisjel.
– Folke Jonson Uppstad