Via Ferrata Straumsfjellet

- dette er ei spektakulær klatreløype for alle, enten du er erfaren eller aldri har prøvd før.

Nord Europas lengste Via Ferrata!

Via Ferrata Straumsfjellet vart laga i 2014 av Børre Bergshaven og opna 12. juni 2015. Den er utstyrt med en 1,5 km lang stålkabel og jerntrinn i de brattaste partia.

DEN ER NOREGS LENGSTE VIA FERRATA!

Fritt oversett frå italiensk betyr Via ferrata «Jernveg» eller «Jernsti» og er ein fantastisk måte å oppleve nye høgder på! Via ferrata er eit namn på klatreløyper utstyrt med stålkablar, jerntrinn, stiger og bruer. Dette gjør det til att folk flest kan gå klatreløypane, sjølv utan erfaring. Det er eige klatreutstyr til en via ferrata-løype og dei fleste tilbyr guida tur.

Via ferrata Straumsfjellet i Valle kommune er 1,5 kilometer lang og har 550 høgdemeter. Ruta er Nord Europas lengste og mest spektakulære. Turen startar ved Helle camping. Der blir de møtt av guiden og får utdelt klatreutstyr og gjennomgåing av sikkerheitsrutiner. Me køyrer båt opp elva og går ca. 10 minutt inn til fjellveggen. Det tar 6-8 timar å gå heile løypa. Vandringa ned frå fjellet tar rundt 1 time og er i bratt terreng. Turen krever solide fjellsko, litt mat og drikke i sekken og ei god jakke til toppen dersom det blir vindfullt. Turen passer for folk som er i god fysisk form og som toler høgde godt. Denne ekslusive turen kostar kun 1690,- person inkludert guide og utstyr. Det er plass til 8-12 personar per guida gruppe og gjennomførast kvar sundag frå juni til august.

For spørsmål om turen send email til guide@brattnorge.no eller ring BRATT +47 907 122 65

NB! Dersom du kun vil leige utstyr og gå på eiga hand må du booke det på Helle camping: https://hellecamping.no/booking.html.