Alpine skivettreglar

Tryggleik i alpinbakken

Brokke Alpinsenter forventar at alle våre besøkande held seg til desse reglane, og eit evt brot medførar bortvisning frå anlegget og tap av heiskort.

Tryggleik utanfor preparerte løyper

Brokke Alpinsenter har 5 nedfartar som er preparerte, men har og eit stort og spennande skogsområdet der ein ikkje tråkkar med maskin – off piste.

Skikøyring utanfor preparerte nedfartar, medfører ein større risiko med steinar, stup og høve for ras.

All køyring utanfor dei preparerte og merka nedfartane, skjer på eige ansvar og risiko. Følg skilta i bakken og respekter sperringane.

Om du vel å ta nedfartar utanfor dei merka nedfartene, må du sjølv ta vurderinga om det er trygt å ta seg ned den ruta du har vald.

Stolheisen

Dersom det snør, vil sete og rygg på stolheisen samle snø gjennom dagen. Det fører til at du vert “noko våt i foin”(våt i rumpa), og tykkjer du det er dumt anbefaler vi at du i snøvêr tek T krok trekket.

Brokke Alpinsenter sin stolheis “har faste klemmer” og skal vi rekke å koste av stolane, må ein senke farten og då vil turen til toppen ta for lang tid og tære på tålmodet.

Utanom opningstid

Det er ikkje lov å ferdast i alpinbakken utanom opningstid. Dette på grunn av snøproduksjon, preparering og inspeksjon av nedfartene. Det kan få fatale konsekvenser dersom folk oppheld seg i bakken når vedlikehaldsarbeid pågår. Følg skilt og overhald sperringane som er sett opp.

Vi ynskjer alle våre gjester en trygg og fin tur i alpinbakken!

Skivettregler

Kontaktinformasjon

  • Brokke Alpinsenter AS Alpin E-post: alpin@brokke.com
    Telefon: 40007676