Kun to timar fra sørlandskysten

TRENINGSKORT FOR HUND

- du kan bestille treningskort for hund hjå Brokke Aktivitet.

Brokke Aktivitet sel treningskort for bruk i Brokke og Berg Fellesbeite, Brokke jaktfelt vest og Brokke jaktfelt aust.

Treningstider haust: 21.august – 9.september og 18.oktober – 23.desember.

Treningstider vinter: 1. januar – 31. mars.

Dersom jaktterrenga er fullstendig utsolgt etter 18. oktober vert det ikkje tillete trening av hund.

Jaktreglar:

Ta alltid med utskrift av treningskortet under trening. Dette skal førevisast oppsyn på førespurnad.

Eitt treningskort gjeld for inntil 2 hundar.

Trening skal skje utan våpen. Startpistol er tillete, men kontaktperson skal i tilfelle få melding om dette i forkant.

Vis omsyn til beitedyr og anna vilt. Ver særleg aktsam under sauesanking slik at ikkje du og din hund uroar gjetarhund og sau.

Ved trening i haustperioden må ein førevise bevis for at hunden har bestått sauedressur. Hundeeigar er ansvarleg for eventuelle skader som hunden måtte påføre.

Det kan vere andre jegerar i terrenget både haust og vinter. Ta omsyn til jegerar slik at treninga blir til minst mogleg ulempe ved utøving av jakt.

Sjekk kart her: Jaktterreng i Brokke

Treningskort bestiller du på inatur.no

 

Brokke Aktivitet AS
Tor Brokke
E-post: tor@brokke.com
Telefon: 98632477