POSTKASSE TRIM

- «Sankar du mest poeng vankar det ei påskjønning»

Kvart år arrangerer Valle IL “Postkassetrimmen”, som varer frå juni- september.
Kart og koordinatar på turane vert lagt ut på Valle IL sine nettsider. Sjekk ut sida for å sjå poengoversikt!

Vaksne må gå 12 turar for å få vere med i trekning av gåvekort, barn (0-16 år) får premie om dei går 8 turar.
Dei som har gått 8 /12 turar må sende mail til Sigbjørg Nes for å få gåvekort/ vere med i trekning av gåvekort.

Nyheit:
No kan du registrere alle postane via appen Trimpoeng, det blir ikkje lagt ut bøker i postkassane i år.
Last ned appen, registrer deg og bli med på tur!

Det vil i løpet av sesongen bli lagt til rette for fellesturar. Desse turane blir lagt ut på Facebook.

Valle IL håpar at fleire barn kan bruke mobilen sin til å finne postane.