TURLØYPER

- ønsker du å ta deg ein topptur når du er på hytta i Brokke? Eller er du gjennomreisende som vil ha deg ein fin fjelltur? Då kan desse turene tilrådast!!

Kvisletoppen

Kvisletoppen er toppunktet for Brokke Alpinsenter, og har eit flott turterreng i nærområdet. Ein kan komme til Kvisletoppen på to vegar; opp slalombakken og ned grusveien fra Kvisletoppen hyttefelt eller den litt mildere vegen ved å følgje grusvegen oppover og ta returen ned slalombakken. Turen går du fint saman med familie på gode joggesko, eller er du av våghalsene og likar utfordringar, spring du opp og ned. På toppen er det postkasse med gjestebok. Lengde: 5 km tur- retur. Tidsbruk: 1 time. Merking: Blå

Vardefjell

Turen startar ved Brokkestøylen og går langs ljosløypa inn til bru nr 2, ta til venstre og følg ljosløypa i øvre del og blå merking til retningskilt. Følg merka løype til toppen. Når du er på toppen finn du ein varde. Retur same veg eller følg skilt og merka sti langs “ryggen” av fjellet til jordet. Vidare ned langs Heibergvegen, via Sitåsen Hyttefelt og tilbake til Brokkestøylen.
Lengde: 5 km tur- retur, 7 km rundtur. Tidsbruk: 1 time. Merking: Blå.

Uvedalsfjell

Turen starter ved Brokkestøylen og går langs ljosløypa inn til bru nr 2. Stien svingar til høgre og over ei gamal bru, følgjer så grusstien/ traktorvegen ca 100 m vidare til høgre. Følg skiltet til uvedalsfjellet innover langsmed Uvedalsbekken og oppover myrdragene til toppen av Uvedalsfjellet.
Lengde: 5- 7 km rundtur. Tidsbruk: 1 time. Merking: Blå

Løefjødd

Turen er ein fin familietur og born fra 5 år kan greie å gå her berre ein tar ida til hjelp. Turen kan gjerast som ein topptur med retur samme veg, eller ein kan gå ned på austsida av Løefjødd. Rundturen har ei bratt nedstigning og er ikkje merka. For klatreentusiastar finst det mange klatreruter å velge mellom i veggen til toppen.
Lengde: 5 km rundtur. Tidsbruk: 1 time. Merking: Blå

Brokke Ljosløype

Ljosløypa er ei småkupert løype til bruk sommar og vinter, frå trening til gåturar med små born. Innerst i ljosløypa finn du ein gapahuk med bålplass til hyggjelege kvilestunder og leik. Starten er ved Brokkestøylen og du følgjer grusvegen heile vegen rundt til du er attende på Brokkestøylen. Lengde: ca. 5,5 km rundtur. Tidsbruk: 1 time. Merking: Lyktestolper

 

Rysstad Turpark, ligg i eit område med eldgamle tradisjonar. Tømmer og vedhogst med enkle reiskap, maling av korn(bygg) på fossekvern og frodige beite er noko av du ville opplevd om du hadde tatt turen i Rysstad Turpark for over 50 år sidan.Turen starter på grusvegen/heievegen opp til Rysstadåsen og følger den ca. 50 m, då tek du av mot høgre og inn på stien i skogen. Stien følger elva, Kvearåni, eit lite stykke til du kjem til ei bru som tek deg over til andre sida. På turen er det fleire stoppesteder med benker til å kvile seg på og etter ca.1 km ligger det et kvernhus.
Heile turen går langs sti/og eller traktorveg og er lett tilgjengelig med gode sko. Mot slutten er det ein litt bratt stigning, som får pulsen til å slå litt ekstra.

 

Gloppefoss, med eit fall på 280 meter er Gloppefoss Setesdals høgaste foss.

Stien er lett å følge då den første delen er traktor veg. Den går vidare på lett gått sti. Du må passere elva frå fossen to gonger, den første er på ei vintersikra bru. Den andre gongen må du krysse bekken på flate steinar lagt på tvers av bekken. Begge disse kryssingane går lett dersom du unngår tida etter den verste snø smeltinga.

Turen passar perfekt for en vennegjeng som ønsker ein sosial utflukt. Også små barn vil trivast på denne turen då det er eit rikt dyreliv og mykje spanande å sjå i området. Her er faktisk muligheitene til å sjå elg i løpet av dagen, store.
Elles går turen i flotte omgjevnadar med høge fjell på den eine sida og bekk med gamal vegetasjon på andre sidan. Dette er absolutt ein tur å anbefale for alle dei som ynskjer ein tur med flotte natur
opplevingar.
Fossen i seg sjølv er eit syn med sitt høge fall og høge fjell i bakgrunnen.

Ca. 3 timar tur / retur

Utgjevar av kart: Visit Setesdal