TJUVHOLA

- tjovheddaren med utsikt over fjorden

Ved Neset Camping ca 50 minuttar køyretur frå Brokke, finn du Tjuvhola eller Tjovhedderen som den vert kalla av dei lokale.

Dette er ein flott tur å gå , det er litt bratt så ein bør kanskje vente med å ta med dei aller minste, eller iallfall passe godt på dei.

Tjovhola er ei svær, naturleg hole høgt oppe i fjellsida mellom Byglandsfjord og Neset Camping. Det er bratt opp, og tungt å gå, men ein kort og spennande tur!

Hola er rundt 15 meter brei i opninga, og 12 meter høg. Ho går innover i fjellet om lag 30 meter. Ekspertane trur havet ein gong har stade så høgt oppe som her, og at vind og bylgjer har slite ut laust fjell. Under istidene har nok også isbreen arbeidd med fjellsidene her, og gjort sitt til utforminga. Fjellet er av ein slag som er utsett for naturleg forvitring, slik at sand, grus og stein har rasa ut og samla seg nedanfor hola.

Ifølge sagnet husa tjovhola tjuvar. Det er nokre forskjellige versjonar av segnet, men ei av dei er slik (henta frå Setesdalswiki):

Johannes Skar om Tjovehedderen

Det var tolv røvarar som heldt seg i Tjovehedderen i Årdal, ein av dei var Rasmus Pettersen. Dei stal buskap og alt dei fann, til sist stal dei ei jente or badstoga der ho tvo seg ein jolaftan. Dette var på garden Risdal. Ho var lenge i helleren, men ei jol skulle ho av og be seg. Då strødde ho erter etter seg heile vegen attende til helleren. Folk skjøna teiknet og samla seg. Dei kom fram til hola der fantane var drukne og kåte. Ei av kvinnene fantane hadde med seg, hadde nett fødd. Så støytte dei i henne brennevin og sa: De ska bake fenta for inna! De ska bake fantann’ for otta! svara bøndane og skaut dei. Men Rasmus Pettersen berre løyste sokkebanda, så flaug han over dei. Jenta vart berga, ho gøymde seg i helleren med ota stod på.

Ukens turtips er: Tjuvhola i Bygland

Ukens turtips er Tjuvhola i Bygland. Tjuvhola er skapt av naturen – med litt hjelp av menneske – og er tilgjengelig fra Riksvei 9. Gamle sagn forteller om tyver som holdt her, derav navnet Tjuvhola. 📍 Bygland🏃 1 km⏱ 1 timeℹ️ Krevende, da turen er veldig bratt.

Posted by Visit Setesdal on Thursday, August 24, 2017

GOD TUR!

Her er tips til andre dagsturer du kan ta frå Brokke!