Rulleskiløype
- 2km rulleskiløype i Brokke

Rulleskiløypa ligg ved Brokke Alpinsenter og startar heilt ute ved parkeringsplassen. Det er lys i heile anlegget, slik at i dei mørkare dagane vil lyset vere på fram til kl 23.00.
Det er Valle kommune saman med Valle Sparebank og Brokke AS som har stått for prosjektet og me er så takknemmelige for at dei har jobba for å få dette til!
Det har blitt eit vanvittig flott anlegg midt i Brokke som både lokale heltar og hyttebuarar kan bruke, og me håpar dykk vil bruke det mykje!
Me har per i dag ikke rulleski for utleige, men me jobbar med saken. For de som er medlemmar i Valle IL, har dei rulleski ein kan låne.



