MINERALPARKEN

-

Alle barn elskar stein og i Mineralparken kan dei lage både figurer og smykke av stein. Dei kan sjå på stein og krystallar frå heile verda. Dei kan gå på leiting etter dei, dei kan ta på dei og lære om dei.

Meir enn ein million menneskjer har besøkt mineralparken!

Utstillinga inne i fjellet, alle aktivitetane, dei vakre omgjevnadane og det heilt spesielle temaet i parken, gjer den unik på verdensbasis.

Parken vidareutviklast kvart år, og har sida 2005 gjennomgått ein total forvandling på den utvendige delen. Små sig store kan leike og kose seg både inne og ute.

Den store leikeplassen, fleire klatretårn på vatnet, supersklia og alle aktivitetane som handlar om stein er opne kvar dag i høgsesongen.