Unike langrennsløyper i høgfjellsterreng

Langrenn

Brokke er kjend for for å ha nokre av dei beste langrennsløypene i Sør-Noreg.

Brokke ligg ved foten av Setesdal Vesthei og har unike langrennsløyper i høgfjellsterreng.
Parker gratis i sentrum av Brokke, ved brua over til Brokke Alpinsenter og legg ut på tur. Start i lysløypa eller ta skiheisen til Kvisletoppen, og følg langrennspora til Myklevatn. Her er meir enn 50km med langrennsløyper..

Følg tråkkemaskina i langrennsløypene via Skisporet.no

Brokke har i lange tider vore ein høgt elska utfartsstad. Her finn du eit variera og særeige fjell-landskap som reknast som særlig snøsikkert. Områda føles ved ferdsel som uendeleg store og spennande for friluftsinteresserte. Her får du kvite vidder med urørt snø eller flotte langrennsspor for den meir kresne.

God tur!


Turløyper i Brokke

Lysløpe: 5km

Lysløypa startar ved parkeingsplassen ved Brokke Alpinsenter eller ved Brokkestøylen. Det er ein flott treningsløype med fleire ulike sløyfer for den veltrente og den litt mindre trente. Lysløypa ligg flott til ved Uvedalsbekken, og det er ei fin turløype for småbarnsfamilien, med mange fine plassar å ete nista si. For dagar med snø i lufta kan de nytte gapahuken som ligg like i kanten av lysløypa. Lysløypa vert tråkka ved behov kvar ettermiddag i vekedagane, og om morgonen i helgene.

Furestøyl – Jarnsverk – Reigårdstøylen – Evardalen: 10 km

Med utgangspunkt i Brokke sentrum/parkering går du turløypa til Reigårdstøylen, via lysløypa og opp til Jarnsverk. Dersom du ikkje ynskjer ein lang tur, kan du parkere på dagparkeringsplassen på Jarnsverk. Herfrå og der lysløypa kjem inn på vegen, fortset ein nokre hundre meter langs Brokke-Suleskarvegen, før sporet svinger opp til høgre mot Evardalen. Dersom du ynskjer ei ekstra sløyfe kan turen gå ut til Vardehei før du kjem inn på sporet til Evardalen att. Ved vendepunkt i Evardalen møter du skotervegen, og kan velgje å følgje den ned til Jarnsverk eller ta returen over toppen tilbake.

Denne turen er ein fin dagstur for den litt meir trente skituristen, men familiar med litt eldre barn vil også ha glede av turen.

Furestøyl – Jarnsverk – Vardehei: 9 km 

Det er det same med denne turen som med turen til Reigårdstøylen/Evardalen. Du kan begynne i sentrum av Brokke og gå lysløypa først eller forkorte turen med å starte på Jarnsverk. Følg Brokke-Suleskarvegen eit par hundre meter og ta så opp til høgre, følg skiltene rundt Vardehei. Returen er same veg.

Ein flott familietur.

Furestøyl via alpinsenteret til Myklevatn, Evardalen og tilbake til Furestøyl:

I sentrum av Brokke, ved innkøyrsla til Brokke Alpinsenter er det ein stor parkeringsplass med gratis parkering! Dette er utgangspunktet for ein høgfjellstur i Brokkeheia.

Ta stolheisen til toppen og følg skiltene til Myklevatn, kryss Suleskardvegen og følg spora til  Evardalen og videre til Reigårdstøylen, Jarnsverk og lysløypa.

Det er også muleg å parkere på Kvilstoppen.

Toppen av Alpinsenteret – Myklevatn: 7 km

Parker gratis på Kvisletoppen og opplev høgfjellet på skituren. Denne turen er for den som er motivert for ein langtur, men passer også for dei unge spreke.

Stavtjønnløypa: 4 km

Kjempeflott og artig familieløype, med mange fine rasteplassar og “småjumper” for morosam utforkøyring.

Løypene har gode forhold, klassisk- og skøytespor. Dei blir tråkka ved behov om morgonen kvar helg og i feriar. I midtveke blir lysløypa tråkka på ettermiddagen før kl. 17.00.

Langrennsløypene blir tråkka i denne rekkefølgja: Lysløypa, Jarnsverk og innover til Evardalen, vidare ned til Myklevatn og over heia og tilbake til toppen av alpinsenteret og Stavtjønn. Ta dette med i planlegginga av skituren din, så er du sikker på at løypene er gode.

Dersom det du har spørsmål om langrennsløypene og tråkking kan du ringe til Uppstad Anleggsserivce v/Jan Asbjøn Uppstad T: 959 83 326