Frisbeegolf i Valle

- på Honnevje i Valle finn du denne flotte banen

Det er 18 korger som er plassert utover på ei lite øy, med flott natur! Dette er såvidt me veit ein av dei aller flottaste banane som finst i Noreg.

Valle Frisbeegolf klubb har laga ein kjempeflott bane i Valle.

Banen er for alle og det er gratis å bruke den, men har du ikke eigen disc så ta kontakt med Frisbeeklubben så har dei til utlån. Valle sport har også discer for sal!

Banen ligg ute på ei øy utanfor Honnevje i Valle. Du kan parkere ved badeplassen på Honnevje og gå over. Bru er ennå ikkje på plass, men med vannmengda som er no kan du gå over terskelen med gummisko, eller høge fjellstøvlar. Du kan også låne ein båt for å komme deg over.

Første korg er på toppen til venstre når du kjem ut på øya. Frå der er det berre å fylje dei blå merka på trea. Det stend ein liten pinne i bakken der utkastplassen er.

Følg gjerne med på facebook sida til Valle Frisbeeklubb for oppdatert informasjon!