Frisbeegolf i Brokke

- ein flott 18 hulls bane

I Ljosløypa i Brokke finn du ein flott 18-hulls frisbeegolfbane.

Banen i Brokke starter ved krysset inn til Brokke Alpinsenter. Der er det også parkeringsplass. Følg ljosløypa så finn du første utkast i svingen. Banen fortsetter så indre runden i  ljosløypa og er på ca 3km. Her er det mange gama kast, både over elv, mange høydemeter ned og ikkje minst oppover.

Bruk gjerne Udisc appen, den kan du bruke gratis, og der er gode kart og forklaring på kvart hull. Den er oppdatert! Og følg gjerne Valle Frisbeeklubb, dei har mange konkurranser både i Brokke og på banen i Valle!

TUSEN TAKK til Brokke Eigedom som som finansierer denne flotte banen for oss!