FLØRLI

- opplev fjord og fjell og 4444 trappetrinn, kun ein dagstur frå Brokke!

Når Brokke Suleskardvegen er open er Flørli berre ein dagstur unna!

Her får du oppleve fjord, fjell ferje og du kan gå dei 4444 trappetrinna til toppen om du vil.

Alt dette og meir til kan du oppleve på ein dag om du reiser frå Brokke!

 

Korleis du kjem deg til Flørli og litt om kva du kan gjere!

 

Dei som skal vidare til Preikestolen eller kanskje Stavanger:

Dei som vil inn til Flørli frå Brokke køyrer til Lysebotn og tar anten Kolumbus ferja (rask og billig) eller TheFjords ferja (sightseeing) inn til Flørli. Begge tar bil, og bilen kan parkeras på kaia i Flørli om du skal vidare til for eksempel Preikestolen eller Stavanger etterpå.

Dagstur til Flørli frå Brokke:

Parker bilen gratis på kaien i Lysebotn. Ta TheFjords ferja kl 12:00 frå Lysebotn, tilbake til Lysebotn avgang Flørli kl16:45. Då har du nok tid til å gå i trappa og litt til.

Kolumbus ferja har avgang frå Lysebotn kl07:00 og kl15:30.

DET ER FÅ AVGANGAR OG FERJENE MÅ BESTILLAST.

På Flørli er det ein kafé med middagservering kvar dag heile sommaren. Menyen kan lastast ned på www.florli.no/cafe

Dei tilbyr også overnatting i diverse hus i bygda, både private husvære (leilegheiter) eller rom med delte fellesareal. Overnatting kan bestilast på www.beds24.com/book-florli. Du kan også lese deg opp og sjå bileter av husværa på www.florli.no/accommodation. Camping i telt er også mulig, bobilar er ikkje tillate.

Meir informasjon om turmoglegheitene i Flørli: www.florli.no/florlihiking