02.11.19 kl. 13.00 - 17.00

Sprekleiken 2019

Sprekleiken er det årvisse arrangementet til Valle IL der de kan vere med på tevlinga eller vere heiagjeng!
Pål Anders Ullevålseter kjem å held foredrag, og stiller kanskje opp til ei utfordring i sprekleiken?
Laurdag 2. november i Vallehalli, kl. 13 blir det mykje moro for små og store!

Inngong 100kr. Barn/skuleungom kjem gratis inn.

Det vert sal av mat og drikke, samt utdeling av premie for postkassetrimmen!

Valle IL oppmodar flest muleg til å delta, verksemder, innbyggjarar og hyttebuarar kan danne lag og delta i leiken!

Klassar: 3 stk. per lag.
Barn/ungdom:  1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse.
Dame og herre over 16 år (miks).
Individuell: Dame og herre over 16 år.

Påmelding til post@valle-il.no. Skriv namn og klasse/lagnamn.

 

Velkommen til Sprekleiken med Kjetil Rekdal!

Foredraget er etter Sprekleiken, om lag kl. 16.00.
Inngong: kr. 100,-.
Barn/skuleungdom/studentar kjem gratis inn.

Det vert sal av mat og drikke, og utdeling av premie for Postkassetrimmen og Øvre Setesdal Cup.

Velkomne til eit arrangement for heile familien!

Bilde: Vegard Wivestad Grøtt/NTB Scanpix