brokke.com

Sessilåmi 2024 - er DU klar for årets tøffeste utfordring?

10. mars 2024
‼️‼️‼️AVLYST‼️‼️‼️😔
Styret i Stiftinga Sesilåmi har den 22.02.2024 vedtatt å avlyse Sesilåmi for 2024.
Det er pr. dato 205 påmeldte deltakarar. Dette vurderer styret å vere for lite for å gjennomføre rennet på ein økonomisk og praktisk forsvarleg måte.
Det er fleire faktorar over fleire år som har ført til dette utfallet.
• Meir ustabile værforhold har ført til fleire avlysingar.
• Rennet har og blitt stansa av vernemyndigheitane i Setesdal Vesthei på grunn av villreinproblematikk.
• Prosessen med forslag om nye tiltaksplanar for villreinområda har og skapt stor usikkerheit.
• Rennet har og ein krevjande logistikk for løparane med lang transportavstand mellom start og mål.
Alt dette har nok ført til stor tvil om rennet kan gjennomførast. Dette påverkar planane til løparane og fører til mindre deltaking.
Me beklager dette sterkt for dei løparane som har hatt Sesilåmi som eit mål !
Dei påmeldte løparane vil få startkontingenten refundert og enkelte bidragsytarar vil få refusjon.
På denne bakgrunn ser ein heller ikkje at det er grunnlag for å arrangere dette rennet i framtida.
Takk til sponsorar, samarbeidspartnerar og dugnadsfolk som har gjord dette mogeleg alle desse åra!
Sesilåmi er organisert som ei stifting , Stiftinga Sesilåmi. Styret vil starte ein prosess i samarbeid med stiftarane Bygland IL, Valle IL, Sirdal Skilag og Tonstad IL med tanke på å oppløyse stiftinga i samsvar med vedtektene.
Sesilåmi 2024 går SØNDAG 9. mars!
Vårt 47 år lange Sesilåmi-eventyr skal fortsetje å gje gode skiopplevingar for dei tøffaste skiløperane!
Eit ekte høgfjellsrenn med lange tradisjonar.
52 km frå Brokke i Setesdal til Sinnes i Sirdal. Høgste punkt snaut 1000 moh. Klassisk teknikk.

Les meir om sesilåmi her:

Nettside: Sesilåmi.no

Facebook: /www.facebook.com/sesilami

Under ein film av Eirek Gullevåg!