09.03.19 kl. 08.00 - 18.00

Sesilåmi 2019

Vinterens store styrkeprøve gjeng av stabelen laurdag 9. mars 2019! Eit tradisjonsrikt høgfjellsrenn frå Brokke i Setesdal til Sinnes i Sirdal.

53 km i klassisk stil, tek du utfordringa?
Påmelding frå 1. desember

Sesilåmi gjekk for fyrste gong i 1976. Turrennet er på 53 km over høgfjellet kor det høgaste punktet er 1000 moh.
Løyperekordane er frå 2007 der Svein Tore Sinnes innehar rekorden for herrar på 2.13.12 og Jorunn Øye for damer på 2.39.49.

Værforholdane er til tider harde og rennet har vore avlyst 4 gonger pga sterk vind og snøvêr.  Sikkerheita for løperane har da stått høgast, og rennleiar har valgt å avlyse.
I 2014 tok Sesilåmi grep og laga ei uværsløype med start og mål i Brokke. Sesilåmi vil då gå uansett vêr, men i ein noko kortare trase.

I målområdet vert det også arrangert Minilåmi for barn.

I 2018 var det totalt 1239 deltakarar i Sesilåmi. 220 av desse i Minilåmi.

Sjå Sesilåmifilmen og bli inspirera til å gå ein flott skitur frå Setesdal til Sirdal.

Meir informasjon finn du på www.sesilami.no

Påmelding har enda ikkje opna.

Påmeldingsinformasjon kjem innan kort tid.
Sesilåmi jobber og med å lage ny nettside som dei håper å ha klar innan kort tid.