Påskefest

-med livemusikk

Påskefest i Brokke med livemusikk og skikkeleg stemning.

30. mars 2024

Laurdag 30.mars riggar me til påskefest i Nistebua og inviterer til årets Påskefest.

Knut & Papa Jore stillar med band på «backing track», og  DJ Cris og DJ Freddy vil sørge for like god stemning i pausane🐥🎧🎙️💃

Her blir det god underhaldning og mange dansbare hits, så me anbefalar gode sko 💃💃

Musikken går på scenen kl 21:00 og me avsluttar festen kl 01:00🎙️🐣🎶

«Afterski» opnar kl 13:00, (så viss værgudane er med oss kan ein nyte noko godt på terrassen) go DJ Cris og DJ Freddy vil spele frå ca 15, og sørge for at afterskistemninga er på topp🐥🎧🎙️💃

 

Det vert matservering heile kvelden i kafeen, der ein kan velje mellom ein saftig burger eller pølse🍔🌭

Tilhøyrande drikke for einkvar smak, med lokale alternativer!

 

Me gler oss til ein hyggjeleg avslutningsfest på ein kjempeflott sesong og håpar nettopp du vil vere tilstades🐥🐣🐥

På grunn av begrensa kapasitet, vil det kun vere førehandssal av billettar.

 

Så me anbefalar å sikre deg billettar i god tid!