10.08.18 - 12.08.18

Ose Motorfestival 2018

Motorfest midt i Setesdal for heile familien! Med alt frå flotte bilar å sjå på, helikoptertur, flyturar, båttur, salgsboder, snøscooter på vatn, endurokjøyring, til hoppeslott og aktivitetar for barn, og ikkje minst konsertar på kvelden! Her vert det mykje liv og røre!

Dette er eit arrangement der motorinteresserte og entusiastar samlast frå heile Sørlandet i flotte omgjevnader mellom fjord og fjell på Ose.
Dersom du er interessert i alt som har med motor og køyretøy bør du ta turen til Reiårsfossen Camping. Der kjem bilar, MC/ mopedar, båtar, fly, helikopter, lastebilar, traktorar, stasjonære motorar med meir! Det kjem gamalt og nytt, noko for ein kvar smak.

Med artistar som SORDAL, Per Ove Åteigen og Oddvar Omnes m/ band gjer Johnny Cash og POPNAGEL vert det stemning og musikk på fredag og laurdagskveld!

Aktivitetar som hoppeslott, ansiktsmaling, glittertatovering og sukkerspinn for barna! Alle barn under 12 år har gratis inngong.
Det blir show med vanndag med snøscooter og båt til vanns, fly og helikopter i lufta og høgt turtall i enduroløypa for å nemne noko!

Nytt i år:
Eigen festival app med all info og kart over området, salgsboder, bilutstillarar, opplev elverally på Otra!

Sjå heimesida deira for meir info.

Sundag 12. august fortsett festivalen 22 km opp Setesdal med eit spektakulært lastebilshow på Åraksøyne, med blant anna dragrace og tvekamp med store maskiner!

Følg arrangement på deira facebook side.