11.08.18 kl. 6.30 - 18.00

Bispevegmarsjen 2018

Laurdag 11. august 2018 er det klart for årets finaste tur over heia frå Fyresdal til Valle. Turen er i underkant av 30 km, og går i høgfjellsterreng, over vidstrakte heiar i 1100-meters høgde.

Fyresdal IL og Valle IL arrangerer den årvisse “Bispevegmarsjen! Turen er fin for både barn og vaksne, men yngste anbefalte alder er 10 år. Ein må vere i såpass fysisk form at ein klarar å gjennomføre turen innan kl 18.00.

Det er ikkje matstasjonar undervegs. Enkelt matsal i mål.

Start ved Nøs før Øysæ/ Øysædammen i Fyresdal og innkomst ved Valle kultursenter.

Buss frå Valle skule kl 06:30. Du betalar for marsjen før du går på bussen, anten kontant, kort eller via Vipps.
Oppmøte i Fyresdal ved Øysen kl 08:30.
Buss tilbake til Fyresdal (når alle er i mål).

Startkontingent:
Vaksne: 150,-
Barn t.o.m. 16 år: 100,-

Buss (uavhengig av veg):
Vaksne: 250,-
Barn t.o.m. 16 år: 200,-

Viktig at du melder deg på slik at vi får bestilt buss!

Påmelding til Valle turistkontor, innan laurdag 4. august:
E-post: sentralbord@valle.kommune.no
Tlf: 379 37 500
Viktig at du oppgir namn på alle som skal gå og telefonnr.

VELKOMEN TIL EIN VAKKER OG FLOTT TUR I GODT LAG!

Følg arrangementet på Facebook.

Arrangørar: Fyresdal IL og Valle IL