38 HYTTER PÅ TOPPEN AV BROKKE - PRIS 2.490.000,- + OMK. Kampanjepris på ny hyttemodell 1.960.000,- + OMK.

Kvisletoppen Hyttelandsby

Kvisletoppen Hyttelandsby kan bli eit felt på opptil 50 hytter, der kvar tomt er i gjennomsnitt på 290 kvm. Du kan no bestille ei nøkkelferdig moderne hytte med store vindaugsflater og flott utsikt! 4 allereie solgt!

No med to hyttemodellar!

Du kan velje mellom to hyttemodellar, alt etter dine behov.
Hyttene kan seljast nøkkelferdig eller som halvfabrikat.

Olivia’s hytte

I den største modellen i fyrste etasje finn du ein utvendig bod, gong, stue med ope kjøkkenløysing med god takhøgde og store vindaugsflater, noko som sikrar gode ljosforhald inn i oppholdsromma, samt utgang til terrasse. Kjøkken blir montert etter eige val. Det er 2 soverom, samt bad/vaskerom og trapp til loft. Mogleg med terrasse på begge sider av hytta for nytting av sol. Loftsetasjen består av loftstue og 1 soverom. Loftet har større golvareal enn bruksareal, da skråtak gjør at det ikkje er målbart. Golvarealet i hytta er på heile 81 kvm. Om ønskjeleg kan det også bygges inn eit ekstra wc, praktisk dersom man er mange på tur saman. Det er også mogleg for å bygge til ekstra soverom over kjøkken.

   

Olivia’s lille hytte:

I september 2018 ble ei ny og rimelegare hyttemodell lansert, med kampanjepris på 1.790.000 ,- + omkostninger. Dette er ei mindre hytte på omlag 50 kvm, med det same særpreget som den store modellen. I staden for ein loftetasje, er det her ein sovehems med stige frå stua. Fyrste etasjen inneheld ein utvendig bod, gong, stue med ope kjøkkenløysing med god takhøgde og store vindaugsflater, noko som sikrar gode ljosforhald og utsikt, samt utgang til terrasse. Det er 2 soverom,  bad/vaskerom og stige til hems.

Teikningar:

Olivia’s hytte:
   

Olivia’s lille hytte:
  

Tomtene:

Hyttene seljast med sjølveid tomt. Kvar tomt er i gjennomsnitt på 290 kvm, varierer noko i størrelse. Tomtene leveres planert og gruset. Parkering på eige tomt, det vert 1 biloppstillingsplass på tomta.

Sjå posisjon på kart.

Kvisletoppen – rett på høgfjellet

Løypenettet stryk rett forbi hyttefeltet, og bilen kan du vente med å skrape til sundag. Her er alt du treng innan rekkevidde heile frihelga. Frå Kvisletoppen kan du trampe slalåmstøvelen rett i bindingane og gli rett ut i dei preparerte løypene. Brokke Alpinanlegg ligg nemleg bare eit kort snøballkast unna. Her finn du skitrekk, stolheis og kvitpudra bakker anlagt for alle vanskeligheitsgrader. Varmestue, kafé og pub høyrer sjølvsagt med i eit godt alpintilbod. Omgrepet Ski in/Ski out har sjeldan passa betre enn her.

    

Kvisletoppen – for heile familien

Fri sikt og optimal beliggenheit for både topptur og skiopplevingar for heile familien. Unn deg den spennande jaktturen du har snakka om så lenge. Snør på deg fjellskorne og nyt den fargerike høstlyngen på veg opp til nærmaste nut. Adkomst: Brokke finn du i hjarta av Setesdal. Kun 2 timars kjøyring frå Kristiansand og Arendal, ca 15 min kjøyring til Valle sentrum, 1 times kjøyring til Hovden. Brokke/Suleskarvegen er ope frå 1. mai til 1. november, kun 2 timars kjøyring til Rogaland – ein nydeleg kjøyretur i fantastisk høyfjellsterreng. Kafe Brokkestøylen er open i feriar.

   

Turterrenget opner for alt frå lange og utfordrande fjellturar til kortare, hyggelege familieutflukter – rett opp på snaufjellet. Kvisletoppen er nemleg ein fjellrygg som ligg aust-vestvendt, og her har du fritt utsyn i alle retningar, med sol fra morgon til kveld. For den jaktinteresserte er det gode moglegheiter for både rype- og småviltjakt i umiddelbar nærleik. Om sommaren er det gode bademoglegheiter for friskuser i jettegryter og kulpar, og for eventyrlystne fjellgeiter anbefaler me å teste adrenalinet i den sikra klatreruta Via Ferrata i Straumsfjellet – eller friklatring i Løefjødd.

 

For å sjå heile prospektet, sjå her:
Kvisletoppen-prospekt-SEP2018-korrektur.

Om dette er midt i blinken for deg og din familie, kontakt:

 

Kontaktinformasjon

  • Martin Unhjem Kontaktperson E-post: byggunhjem@gmail.com
    Telefon: 90042135