Vinteren nærmar seg og det er tid for å bestille brøyting!

Har du bestilt brøyting til hytta?

Brøytemannskapet har polert traktorane og smurt fresane, og er klar for å kjempe mot vèr og vind for å halde vegane opne gjennom sesongen 2018/2019.

Brøytemannskapet har ein påminning til alle som skal ha brøyting til hytta.

I fjor tok me i bruk “brøyteappen”, her meldar dykk ifrå når dykk skal på hytta, så vil me prioritere di hytte framfor dei som ikkje kjem.  Det blir kvar torsdag brøyta opp til alle hytter. Appen finn du her: https://hyttetjenester.net/arrival.php

Me minner om “vilkår for brøyting”!
– Dersom du har tenkt deg på hytta i vekedagene lyt det meldast i frå til brøytevakt seinast dagen før. Då kan brøytevakta samle opp “bestillingane” og ta rydding av ev fleire tomter på ein tur.
– Sjå også til at brøytearealet er rydda fri for store steinar, materialar ol.
– Brøyteareal må også vere forsvarleg merka med stikker.

Brøytevakt – tlf.: 41 50 43 80

 

Brøyting bestiller du her:

Brøyting og strøing i Brokke

Brøyting og strøing på Kvisletoppen og i Furuåsen Panorama.