VALLE BRUKTBUTIKK

Valle bruktbutikk er ei foreining som vart etablert hausten 2020. Butikken driftast på dugnad, og ønskjer å skape ein aktiv, sosial og berekraftig møteplass.

Butikken ligg på Rysstad og har mykje spennande bruktskattar, i tillegg postar dei nokre av tinga på Facebook sida deira, så følg med!

FOr å sjå åpningstider, følg med på Facebook sida! 

 

Har du lyst til å vere med, tak kontakt via Facebook: Valle bruktbutikk, Rysstad, eller ring telefonnummeret som står på plakata utforbi bruktbutikken. Det er sosialt, og veldig hyggeleg, og vi får gode tilbakemeldingar frå fornøgde kundar.

Overskot skal gjevast attende til Valle kommune sine innbyggjarar i form av utdeling av midlar til ulike formål. Ein gong i året kan kven som helst sende inn søknad, og formålet vårt er:

Auke aktivitet og trivsel i bygda!

Styret har fullmakt til å tildele overskotet til ein/fleire søkjarar som oppfyller formålet vårt.