SKIFERIE MED FAMILIEN

- ta familen med omg kom til Brokke i vinterferien

Legg du vinterferien til Brokke, kan me garantere at du får ein aktiv og hyggelig ferie med kvalitetstid med familien!

Brokke Alpinsenter er sentrum for alle aktivitetar, enten du vil på slalåm, langrennski, skøyting eller akebrett, så kan bilen stå!

 

BROKKE ALPINSENTER

Brokke Alpinsenter har ein bakke for dei fleste! Dei aller minste kan nyte dagen i barnebakken, som har eit lite band som kan frakte dei opp både på ski og akebrett. Det er både stolheis og t-trekk som går til topps, og me har eit eige parktrekk på toppen.

I år har me i tillegg til parken også bygd eit stort hopp i botnen av bakken, slik at dei som vil trikse og vise til resten av familien får det!

Det er salg av mat og kioskvarer i kafeen, og me har mange bålpanner ute slik at ein kan ta med og grille det ein vil!

Det er afterski i Nistebui kvar dag i vinterferien!

SKISKULE

Brokke Alpinsenter har også erfarne skiinstruktører enten det er til vasken eller born, slalåm eller snowboard!

Du kan også leige utstyr i skiutleiga, og har du gløymt ei lue eller vott så har me det og!

SKIGLEDE PÅ LANGRENN

I brokke har me over 5 mil med skiløyper og mange flotte turar for heile familien!

Ljosløypa som er 5km har ein gapahuk inne i enden, kor det er fint å ta ein rast og fyre opp eit bål!

Ellers er det fint å enten køyrer på toppen av skisenteret eller ta heisen opp og gå på ski innover fjellet! Ellers er det mange moglegheiter, sjekk skisporet.no for oversikt over hvilke løyper som er preparerte!

“Området er kupert og passar fint for både treningsentusiastar og barnefamiliar som vil nyte ein dag med skileik, varm kakao og kos .”

I tillegg til alt dette har me også det berømte fakkeltoget i vinterferien, slalåmrenn i vestbakken og livemusikk i Nistebui! Kvar laurdag er det også Brokkieklubb, ein skiklubb for born mellom 5 og 9 år!

EVENTYRHOTELLET

Sølvgarden Hotell og feriesenter byr på ekstra gode priser i vinterferiene, og booker du både overnatting og skikort for tre dager eller meir får du 30% rabatt!! 

 

Bestill no på booking@olvgarden.no eller 379 36 130