Richard Benth er ny driftsleiar!

Ny driftsleiar på alpinsenteret

Brokke Alpin har nå tilsett Richard Benth som ny driftsleder. Benth har mange års erfaring i alpinbransjen og vil bli eit godt tilskot til Brokke

Richard Benth (35 år) er frå Østlandet, men har nå flyttet til Brokke for å ta fatt på spennande oppgåver som driftsleiar. Benth er tidlegare aktiv alpinist og har jobba i alpinanlegg sida han var 14 år gammal. Han jobba åtte år på Gaustadblikk og har den siste tida jobba i Surnadal som assisterande driftsleiar.

Nå i starten av sesongen er det mykje som skal forberedast til både opning og snøproduksjon, men Richard er allereie godt i gong og håpar som oss andre på kuldegrader. 

Me har laga ein liten velkomst film, og me gler oss til sesongstart med ny driftsleiar på plass!

Filmen kan du sjå her: