Smakfulle tilbod. Latter og leik. Kortreiste opplevingar. 

Sosialt lag med gode vener. Velkomen til Haust21.

Laurdag 9.oktober frå 11-16.

Me legg opp til eit fullpakka program, med spennande aktivitetar som zip-line, rappellering i tre, frisbeegolf og mange andre morosama aktivitetar. Det blir små konserter med blant anna Daniel Sandén-Warg, det blir spennande utstillarar rundt på tunet, og kanskje kan du kjøpe med deg noko!

Billettar tingar du her: https://brokke.hoopla.no/sales/haust21

Helle Lefser og bakevarer kjem med både bakevarer, kaker, og ikkje minst varm mat!

Nysgjerrig på norsk tradisjonsøl?

Bygland Bryggeri kjem på Haust i Brokke 9. oktober!! Bygland Bryggjeri har på kort tid hausta fleire utmerkingar, og gjekk nyleg vidare til delfinalen for årets øl i Det Norske Måltid. Til HAUST i Brokke kjem gründer Torkjel Austad som er ein kar med stor lidenskap for kveik og tradisjonsbrygging (og talar gjerne i timevis om «kauking» og «oppskåke»..). Her vil han live-brygge eit tradisjonelt norsk gardsøl med einerlåg og kveik, samt ha meg seg et utval av både tradisjonelle og moderne øltypar.

Valle sport har med seg eit lite utvalg, me ser fram til å sjå Gomes hus, og ikkje minst så kjem det nokre dyr inn på tunet!

Uppistog Gard kjem med eit nøye utplukka utval!

Møbelringen, Ose Water, osv  kjem også!

Me har fleire utstillarar på lista, og kanskje har du noko du vil selje?

Invitasjonen finn du her: Invitasjon utstillarar 2021

 

Daniel Sanden Varg

Me har også eit konsertprogram med Daniel Sandén-Warg, Sigrid Berg og Knut Arne Rysstad du bør få med deg. Her blir også intimkonsertar i Årestoga🔥

Billettar tingar du her: https://brokke.hoopla.no/sales/haust21