BALLBINGE I BROKKE

- gravinga er ferdig og ballbingen er snart på plass

ENDELEG!!! Nå får me ballbinge i Brokke!

Graving av underlaget er no ferdig og ballbingen kjem til Brokke i veke 24 (neste veke) og då skal Stock montere den.

Ballbingen har me fått i gåve frå Setesdal Folkehøgskule, og er den som sto på Hylestad Skule.

Me har fått Stock med på laget og dei vil bytte ut nokre av delane, så ballbingen vil framstå nesten som ny.

Den skal stå mellom meglarbua og Brokke Camping og er til fri bruk for alle!

 

Me skal oppdatere dykk med fleire bilete etterkvart, men foreløpig ber me om at INGEN bruker plassen nå, då den er ferdig stelt for å legge grasmatte. Dersom det blir gått eller sykla på nå, vil me måtte gjere mykje arbeid på nytt, og det vil me helst sleppe.

TUSEN TAKK FOR GÅVA, Setesdal Folkehøgskule,  og TUSEN TAKK til Brokke Eigedom for at dykk tek heile kostnaden med grunnarbeid, flytting og oppgradering av ballbingen, utan dykk hadde ikke dette vært mogleg!

 

Me gledar oss!