DRØYMEPÅSKE

Glimt frå Påska 2018

Påska 2018 gjeng inn i historia som ei fantastisk fin påske! Små og store har kosa seg i skibakken, i og langs skiløypene, på hytta, og ikkje minst i solveggen!

Fleire av dykk har allereie gjeve uttrykk for ei fantastisk påske, både på facebook og for dei som bruker #brokke på Instagram. Det likar me!

Brokke Alpinsenter er veldig godt fornøgde med årets påske! Dei kan skilte med mykje aktivitet og folk i bakkane, god stemning,  og ei kraftig auke på sal av dagskort denne påska. Det var duka for eit omfattande påskeprogram med alt frå langrennsløp til slalomkonkurranse, påskeeggjakt, skattejakt, utkledeningsfest, afterski med livemusikk og påskefest med Åsmund Åmli Band. På dei finaste dagane som skjærtorsdag og langfredag var det ca 800 påskeglade menneske i bakken.

Det store påskerennet skjærtorsdag hadde meir enn 70 påmeldte deltakarar!

Den store påskeeggjakta langfredag vart ein stor suksess, då det i alt var 120 barn som leita iherdig etter 80 påskeegg. Ikkje alle fekk seg eit påskeegg, men det vanka trøystepremiar for dei som ikkje fant. Til neste år lovar dei å ha 150 påskeegg.

   

Påskeaften var det klart for Påskefest med Åsmund Åmli Band, som vart ein stor suksess. Det vart lagt ut 300 billettar for forhandssalg, og alle vart utseld tidleg i påska. Det vart sett opp stort telt på parkeringsplassen og her var stemninga så høg at nesten taket letta! Folk var tidleg ute og koste seg til langt på natt.
Åsmund Åmli Band var strålande fornøyde med festen og kjem gjerne att!

 

Vertskapet på Brokkestøylen fortel om ei fin påske, med gode besøkstal! Til tider vart dei utsolgt for heimelaga setervaflar og Vallegryta- med kalvekjøt frå Brokke Naturkjøt. Det kan bare tyde på god mat og mange besøkande.  Skjærtorsdag var det duka for friluftsgudstjeneste på støylen. I denne anledning vart det sett opp eit telt på terrassen, med sitteplasser til 50- 60 personar. Teltet var heilt fullt og meire til, samt at det sat folk på utsida. Kanskje dette vert ein ny tradisjon på Brokkestøylen?!

 

Nokre initiativrike hyttefolk samla seg til ein skitur frå Berg i Valle, via Stavskar turisthytte og tilbake til Løefjødd Brokke. Over 30 stk møtte opp i Berg påskeaften og gjekk denne 26 km lange turen i strålande vêr og føre! Her er ikkje målet å kome fyrst fram, men nyte opplevinga i vakre omgjevnader! Det kan tyde på at dette vert ein årleg tur, så då er det bare å skaffe seg fjellski og vente til påska 2019 og “den store påskeskituren“!

 

 

 

Løypekøyrarane har sikra milevis med flotte “trikkeskinner” i Brokkeheia, og det har vore til glede for mange hyttefolk, samt tilreisande på dagstur!

Det er ikkje bare i hyttegrenda Brokke det har vore mykje aktivitet og folk, men i området Evardalen, Myklevatn og Garevatn har det også vore påskerenn med rebus, hopp, akekonkurranse og premiar!

Heldige var dei som gjekk skituren frå Kvisle til Stuteliheii påskeaften, som møtte på desse fine ungane med hytte på Garevatn, som hadde laga vafler og saft for å gi bort til skituristane!

Trur me alle kan vere einige om at i Brokke og Brokkeheia er det jammen godt å vere!!

Takk for ei flott påske og velkomne att til neste år!!