DAMPBÅTEN BJOREN

- På turen gjennom Setesdal må du få med deg ein tur med den vedfyrte dampbåten Bjoren

I 1840-åra kom det veg som gjorde det mogeleg å køyre med hest og kjerre oppetter Setesdal. Då dampbåtane Bjoren og Dølen begynte å gå i 1867, vart transporten nok ein gong dramatisk forandra. Frå å leve i eit tilnærma naturalhushald, begynte setesdølane meir og meir å handle i byane. Bjoren har ikkje gått i rute sidan 1957, men vart restaurert i 1994. I dag er dette flytande kulturminnet ein av dei viktigaste attraksjonane dalen har å tilby om sommaren!

Seglingsplan Bjoren sommaren 2021:

Sundag 6. juni kl.11.00 Byglandsfjord
Sundag 13. juni kl.11.00 Byglandsfjord
Sundag 20. juni kl.11.00 Byglandsfjord

Sundag 27. juni kl.11.00 Bygland
Onsdag 30. juni kl.11.00 Bygland
Sundag 04. juli kl.11.00 Bygland
Onsdag 07. juli kl.11.00 Bygland

Sundag 11. juli kl.11.00 Byglandsfjord
Onsdag 14. juli kl.11.00 Byglandsfjord
Sundag 18. juli kl.11.00 Byglandsfjord
Onsdag 21. juli kl.11.00 Byglandsfjord

Sundag 25. juli kl.11.00 Bygland
Onsdag 28. juli kl.11.00 Bygland
Sundag 01. august kl.11.00 Bygland

Onsdag 04. august kl.11.00 Byglandsfjord
Sundag 8. august kl.11.00 Byglandsfjord

Sundag 15. august kl.11.00 Bygland
Sundag 22. august kl.11.00 Bygland

Sundag 29. august kl.11.00 Byglandsfjord siste tur

Vi kan i år berre ha 25 personers ombord på kvar tur. Vi tek sikte på at vi kan køyre inntil 3 turar kvar dag vi køyrer. Turane er på 1 1/2 gjeng, og startar frå bryggja på Byglandsfjord eller bryggja på Bygland med retur til same brygge.
Vert tur nr. 1 kl. 11 fullbooka, vert det sett opp ny tur kl. 13, og vidare ein ny tur kl. 15.
På grunn av coronarestriksjonar er vi usikre på kva vi vi får lov til når sesongen starter. Billettsalet vil difor ikkje starte før etter pinse.
Billettar vert lagde ut på nettet der det vil gå fram kva for turar som er muleg å bestille på.
Vi håper for forståing for at det vert slik i år også.
Dette er tilbodet om opne turar slik vi kan tilby i dag, men det kan verte endringar på grunn av vasstand mm, retur mellom Byglandsfjord og Bygland, så kontakt oss gjerne og spør om det er mogeleg å bli med på tur.

 

For billettbestilling www.bjoren.no

For charter og anna førehandsbestilling kontakt Bjoren på tlf. 995 18 203 eller bjoren@setesdalsmuseet.no