17 mai feiring i Valle

17 Mai program 2018

Det nærmar seg 17 mai og det er klart for eit fullpakka program om du ønskjer å legge feiring til Valle i år!

Dagen startar kl. 7.00 for morgonfuglane med det årvisse skramletoget frå Motorsenteret på Rysstad, ta med skramleutstyr og blåser!

Bilkortesje frå Rysstad til Valle Sentrum kl 10.30, der biltoget fortset i Valle, konkurranse og premie for “finaste pynta bil”.

Festprogram, matsal, leiker og mykje moro blir det i Valle kultursenter!

Velkomen!