Turløyper i nærområdet

Turløyper i Brokke

Brokke har eit allsidig turterreng, frå barnevennlege vegar i lysløypa eller kortare toppturar i nærområdet.

Topptur til Løefjell,

5 km, 2,5t. Ein klassikar i Brokke! Husfjellet som ragar høgt over hyttefelta med sin bratte vegg er eit landemerke i Brokke. Løefjell (934moh) er en av 4 nærliggjande toppar som omkransar Brokke og når du er på toppen kan du nyte ein fantastisk utsikt over Brokke og innover Setesdal Vesthei Ryfylkeheiene. Toppen ligg på 934 moh, har mange klatreruter i veggen under seg. Det er sti helt opp til toppen. Turen anbefalas for born over 5 år, men dei fleste kan klare det om ein tek tida til hjelp.

Turen kan gjeras som en topptur med retur same veg eller den kan leggjast om og ned på austsida, ned Kveiribben og tilbake langs den gamle vegen og inn i Løefjell Hyttefelt. Rundturen har en bratt nedstigning og er ikkje merka!

På toppen er det ein postkasse med gjestebok. Me set pris på om du skriver ein helsing i boka!

Bruk sko som tålar litt myr, og fyll sekken med litt proviant. Nyt nista før du tek til på turen ned igjen!

Topptur til Vardefjell, ein flott topptur som gjev belønning med vid utsikt over Brokke og Setesdal Vesthei.

Vardefjell er ein av 4 nærliggjande toppar i Brokke. På toppen har du god utsikt over Brokke og Setesdalsheiene. Det er ein varde på toppen.
Turen startar i ljosløypa i Brokke og du følgjer den inn til bru nr. 2, ta til venstre og følg vegen vidare i øvre del. Midtvegs finn du eit oversiktskart over Vardefjellsløypa og følgjer då blå merking til toppen.
Returen kan du ta samme veg eller følgje åsryggen ned til jordet ved Suleskarvegen, vidare ned gamle Heibergveien og inn gjennom Sitåsen Hyttefelt tilbake til lysløypa og Brokkestøylen.

Topptur til Uvdalsfjell, startar i lysløypa og følgjer den gamle traktorvegen inn over den gamle brua, følgjer elva oppover og runder mot syd på toppen.

Uvedalsfjellet ligg mot vest i Brokke, like ved ljosløypa. Turen til toppen er delvis lettgått ved at du følgjer ljosløypa til bru nr 2, der svingar du til høgre og gjeng langs den gamle traktorvegen over bekken på nytt. Følg traktorvegen ca. 100 m og ta til høgre inn i skogen(merka blått) langs Uvedalsbekken. Etter ein stund kjem det nokre lange myrdrag før stien stig mot toppen.
På toppen er det ein postkasse med gjestebok og me set pris på om du skrivar ein liten helsing til oss og del gjerne bilete med oss på #brokke

Rundtur i Brokke grend, 2 km, 1t. Fin sundagstur for heile familien. Oppdag grenda med panoramablikk over Setesdal, sjå dei fine gardsbygningane og nyt landskapet. 500 m umarkert sti i skog, elles veg.

Kvisletoppen rundtur, 6 km, 3t.

Kvisletoppen (780 moh) er toppunktet for Brokke Alpinsenter, og har eit flott turterreng i nærområdet, sommar og vinter.

Du kan komme til Kvisletoppen på to måtar: – opp slalåmbakken og ned grusvegen frå Kvisletoppen hyttefelt eller den kan gjerast mildare ved å starte med å følge grusvegen oppover og ta returen ned slalåmbakken. Turen går du fint saman med familien på gode joggesko eller er du av våghalsane og liker noen utfordringar, springer du opp og ned.

På toppen er det ein postkasse med gjestebok. Me set pris på om du skriver ein helsing i boka!

Rysstad Turpark, ligg i eit område med eldgamle tradisjonar. Tømmer og vedhogst med enkle reiskap, maling av korn(bygg) på fossekvern og frodige beite er noko av du ville opplevd om du hadde tatt turen i Rysstad Turpark for over 50 år sidan.Turen starter på grusvegen/heievegen opp til Rysstadåsen og følger den ca. 50 m, då tek du av mot høgre og inn på stien i skogen. Stien følger elva, Kvearåni, eit lite stykke til du kjem til ei bru som tek deg over til andre sida. På turen er det fleire stoppesteder med benker til å kvile seg på og etter ca.1 km ligger det et kvernhus.
Heile turen går langs sti/og eller traktorveg og er lett tilgjengelig med gode sko. Mot slutten er det ein litt bratt stigning, som får pulsen til å slå litt ekstra.

 

Gloppefoss, med eit fall på 280 meter er Gloppefoss Setesdals høgaste foss.

Stien er lett å følge då den første delen er traktor veg. Den går vidare på lett gått sti. Du må passere elva frå fossen to gonger, den første er på ei vintersikra bru. Den andre gongen må du krysse bekken på flate steinar lagt på tvers av bekken. Begge disse kryssingane går lett dersom du unngår tida etter den verste snø smeltinga.

Turen passar perfekt for en vennegjeng som ønsker ein sosial utflukt. Også små barn vil trivast på denne turen då det er eit rikt dyreliv og mykje spanande å sjå i området. Her er faktisk muligheitene til å sjå elg i løpet av dagen, store.
Elles går turen i flotte omgjevnadar med høge fjell på den eine sida og bekk med gamal vegetasjon på andre sidan. Dette er absolutt ein tur å anbefale for alle dei som ynskjer ein tur med flotte natur
opplevingar.
Fossen i seg sjølv er eit syn med sitt høge fall og høge fjell i bakgrunnen.

Ca. 3 timar tur / retur